fredag 20. november 2009

NY BLOGG!!!

Eg har fått ny blogg: http://www.belleboe.blogg.no/
Besøk den med jamne mellomrom, då vert eg glad! :):):)
Og legg meg gjerne til i kontakt lista di!
Hjarteleg helsing Isabell ;)




mandag 26. oktober 2009

"Ser eg ut som ein som pleie å gå på fjellet?"

Eg hadde i utgangspunktet tenkt å døype dette innlegget "Ut på tur, aldri sur", men så såg eg at den tittelen brukte eg på eit innlegg i mai. Altså forkasta eg den tanken.

I dag var vi på friluftslivtur igjen. Turen gjekk opp til Krokavatn - og ned igjen. Greia var at vi skulle bruke kart og kompass, men spesielt sistnemnde fekk liggja mykje i fred. Turen var ikkje verdas mest utfordrande, sjølv om eg nok var den som syns det var tyngst... Men i dag var eg i det positive hjørnet, og klaga svært lite til å vere meg^^ Eg var på gruppe med Johanne, Lars Bjarne, Johann og David - ei veldig flott gruppe som eg var stornøgd med! Me song, lo og tok bilete på store delar av turen, og tok det ganske easypeasy :)

Johann sette på sjølvutløysar for å ta bilete av alle... 10 sek var ikkje nok.

Sært? JA

Sjå gutane holle hånnelanken!

Stemning :)

Synnøve the one.

Johan tørkar skoa sine på bålet

Kjempefin tur!!! :)

søndag 25. oktober 2009

[mag] kan brukast til så mangt...

...blant anna å slå i svime det monsteret av ein møll som kom innpå rommet mitt nettopp. Dei som kjenner meg, veit at eg absolutt HATAR møll. Og då dette stygge insektet med eit vingespenn på to meter kom dansande, like grasiøst som Svein Østvik, bortover veggen min, greip eg fatt i det næraste eg hadde å slå med - nemlig [mag].
Fredagskvelden hadde eg same problemet med ei svær fluge som forvilla seg innpå rommet mitt då eg skulle sove. Av ein eller annan grunn har eg litt større medkjensle når det gjeld fluger, og fekk dårleg samvit då eg hadde slått til ho så blodet spruta. Det var etter at eg ikkje hadde gjort jobben skikkeleg første gongen - eg skulle finne kameraet for å ta bilete av den "daude" fluga (nei, eg plar ikkje ta bilete av alle flugene eg drep), og så såg eg at ho hadde bevega seg 10 cm bortover avisa. Dermed vart eg litt hard på handa andre gongen...
Men no legg eg meg til å sove, i morgon er det friluftslivtur (jippii!) Good night, sleeping beauties!

"I fred vil jeg legge meg ned og sove. For du, Herre, bare du lar meg hvile trygt." Salmene 4,9

Slik ser historieboka mi ut:

Julebrus og søndagsmiddag ;)

Den franske revolusjonen - jippi!

Ja, kva var eigentleg riksforsamlinga si oppgåve?

Ved slutten av skuleåret er mest sannsynleg nesten heile boka full i slike post-it-lappar med stikkord og notatar. I know, eg har ein litt spesiell måte å arbeide med stoffet på. Til denne prøven har eg ikkje litt kontroll over pensumet, men ingen skal seie at eg ikkje har lest! Så får det no stå sin...prøve.

lørdag 24. oktober 2009

Ein nydeleg haustdag

Innimellom lesinga til historeprøven som eg skal ha neste veke, fekk eg teke meg ein tur ut i haustsola. Véret var nydeleg! Trur ikkje det kan beskrivast på annan måte enn med bilete (treng vel ikkje leggja til at eg ikkje kan fotografera):

Zico nyt sola

Gamla-eiko

Fotogene straumledningar

Fin, blå himmel!

"Utsikten"

Hugleik på staur

Heilt nydeleg!

Éin stk. fornøyd hund...

...og ei stk fornøyd jenta :)

fredag 23. oktober 2009

Julas innmarsj i butikkane

Eg veit ikkje om eg skal verta oppgjeve eller om eg skal tillata meg sjølv å verta fylt med forventning og glede. Men no har altså både peparkaker og julebrus dukka opp på butikkane inne i Norheimsund. Like ved inngongen står Hansa sin julebrus og freistar alle som berre skal inn for å kjøpe kaffe eller sjampo. Sjølv eg har falt for freistinga å kjøpa figurbakte pepperkaker frå Sætre.
Er det for tidleg å selja slikt no, to månadar før julafta? Dei aller fleste vil nok seie det. Eg er einig, MEN eg er ikkje av dei som ventar til første desember med peparkaker, julebrus og julesongar for den saks skuld. Dette av to grunnar: 1) Eg greier ikkje å ha slike prinsipp. 2) Om det bringer julestemning (som det jo då gjer), vil heller at denne skal kome for tidleg enn for seint. Så det så :)
Såå fin julesong! Som forresten ikkje heiter "Nå er den hellige time"...

onsdag 30. september 2009

Den søtaste personen som går på to bein!

Eller, i desse tilfella, ikkje går på bein i det heile tatt. Det er heilt utruleg korleis Shandell greier å rote seg bort i dei merklegaste ting!
Ho er i allefall ei herleg jente som lyser opp i kvardagen min! :) (Joda, dei andre personane på bileta er flotte, dei óg ;))

tirsdag 22. september 2009

Mi nye forelsking

Når ein bur på vestlandet og har rundt 300 regndagar i året, er det noko fottøy ein ikkje kan unngå å ha på skohylla si. Eg snakkar sjølvsagt om støvlar.

I dag har eg kjøpt meg nye viking-stølvlar. Eg elskar dei - no kidding. Nei, det er absolutt ingeting spesielt med dei, som du ser er dei einsfarga svarte og heilt plaine, men dei er fantastisk praktiske og gode å gå med. No slepp eg å bli våt på beina, få influensa og det som verre er. (SOM om eg greier å unngå det, eg er verdas største sjukling. Somewhere, something went terribly wrong. Immunforsvaret mitt er i alle fall ikkje kva det ein gong var.) MEEN desse støvlane (str. 38, btw, kjøpt på Coop Obs til 499,-) er altså mi(ne) nye forelsking(er). Sorry å måtta skuffa deg som hadde forventa deg noko anna ;) Men vil du ha updates på den fronten, så er det berre til å spørje. Ok, no skal eg gje meg.

mandag 21. september 2009

Tranversal sylinderprojeksjon?

Mange spør meg korleis det går med samfunnsgeografien min. For dei som ikkje har fått det med seg, hoppa eg av, ehm.. valde eg vekk sosialkunnskap til fordel for samfunnsgeografi som privatist. Det går heilt okei! Det er faktisk ganske interessant, i allefall ein del av det. Saka er berre den at når eg les konsentrerer eg meg så sterkt om å forstå det eg les, at eg gløymer at eg skal hugse det også. Fatta? I tillegg er eg litt usikker på om eg kjem gjennom heile boka før eksamen til jul, kjem an på kortid han skal vere. Meeen når eg då er ferdig, får eg masse fri etter jul. Herleg!


Ok, då skal eg lese litt, måtte berre blogge om det først ;) Dødelighet og aldersavhengige dødsrater, here I come!


Masse fine bilete!

søndag 20. september 2009

2 veker igjen!

I dag, dvs i kveld, er det to veker igjen til vi reiser til Tunisia. Heilt SJUKT! Gleder meg vanvittig :) No sit eg åleine på rommet mitt, høyrer på Rudi Myntevik og nyt ein fredleg søndagsmorgon. Søndagsfrukosten smakte som vanleg godt, men det var ikkje mykje eg greidde å få ned. Følte meg framleis mett etter gårsdagen, då Gunhild, Hildegunn, John Terje og eg var på Alpino og åt pizza. Dvs, dei tre andre åt pizza, eg åt marinert biffsnadder med salat og pommes frites. Får du vatn i munnen no? Det var knallgodt! Og ikkje minst veldig koseleg :)

Som du ser, har eg fått ny header igjen. Paint Shop Pro-skillza mine er ikkje til stades, skulle ønske eg visste korleis eg skulle bruke programmet skikkeleg! MEN man tager vad man haver, og bruker det.

No blir det slækkings med favorittfilmen min over alle favorittfilmar og appelsinjuice med isbitar. God søndag folkens!

<3

lørdag 19. september 2009

Tenk om

Tenk om eg hadde tørt å sei
At eg like deg svinaktig godt
Tenk om eg hadde tørt å sei
At eg syns du e' feiande flott
Tenk om eg hadde tørt å sei
Kor flink eg synes du e'
Tenk om eg hadde tørt å sei
koss eg nyte å se deg le

Men istedet for så sitte eg her
Og prate tull og tøys om vind og vær
Det e' fint at det e' sol og at det ikkje snør
Men at du varmer meg mer enn solå gjør
Det nevne eg ikkje med et ord
For frykten for å skjemma meg ut e' så stor

Tenk om eg hadde tørt å sei
At du varmer meg og gjør meg glad
Tenk om eg hadde tørt å sei
At eg syns du e' utrulig bra
Tenk om eg hadde tørt å sei
Kor møkje du betyr for meg
Tenk om eg hadde tørt å sei
kor glad eg e' i deg

(Tekst og melodi: Bjørn Eidsvåg)

fredag 14. august 2009

jeg vil ha en liten... baby

Vilde Mathea - Mie Madeleine - Emma Katharina - Hannah Emilie

Nydelige jentenavn, eller hur?

Bildet er hentet fra smartcanucks.ca

førehandsstemming!

I går fann eg ut at nokre av mine slaskete familiemedlem har greidd å kaste valkortet mitt i bosset. Det er heilt utruleg, skulle tru dei ikkje ville at eg skulle stemme eller noko. Men men, i dag morges ringte eg inn til valsekretariatet (eg er blitt utruleg flink til å ringje til folk eg ikkje kjenner, i utgangspunktet hatar eg å snakke i telefonen), og heldigvis var det berre til å kome inn, så skulle dei skrive ut eit nytt valkort. Så då gjorde eg det! Eg liker tanken på at endeleg kan vere med å bestemme her i landet, til ei viss grad^^

Vårt kjære rådhus der vallokala finn stad (Biletet er henta frå tysnes.kommune.no)

No har eg nettopp laga ostekake som skal i kaféen på opningsdagen på laurdag. Eg hadde heilt gløymt heile kaka eg, hadde det ikkje vore for at Hallvard, vår kjære misjonsprosjektleiar, sende ut påminningsmelding i går. No gler eg meg kjempemykje til å kome tilbake til Framnes og sjå folk igjen. Og ikkje minst sjå kor eg skal bu på Nesheim :) Om to timar reiser eg!

torsdag 13. august 2009

pakke i posten... igjen

I dag morges drog mamma meg omtrent ut av senga for at eg skulle vaske bilen min. Eg har gått og tenkt på at eg skal gjere det heile veka, men utsett det til siste dag. Då eg var ferdig fann eg ut at det var mykje verre å tenkje på at eg skulle vaske han, enn å faktisk gjere det. Og sånn er det med det meste! Bilen blei no fin i allefall, både utvendig og innvendig :)

I dag fekk eg forresten den femte pakken i posten for sommaren. For å rettferdiggjere meg sjølv skal det seiast at han ikkje berre var til meg, men til mamma óg. Men eg fekk meg altså verdens herligaste flanellpysjamas <3

Det rosa skjerfet i bakgrunnen fekk eg óg

Lykken var stor inntil eg la merke til at pysjamasen hadde ROSA striper og kantar. I mitt rike går det ikkje an å ha rosa og blått på samme klesplagg. MEN eg legg godvilja til, og skal nok få brukt pysjamasen, for elles var han herleg :)

"Sitt so gale?!"

Denne sommaren har eg også fått meg ein pakke med kle i frå H&M, 2 pakkar i frå Pixmania.no (den eine med kameraveska og minnekortet, og den andre med kameraet), og ein pakke frå USA - 3pk med "nerdebriller" som eg fann på ebay. Og eg betalte berre 120 norske kroner for tre par, samt frakt og heile pakka. Særs nøgd! Eg veit det er delte meiningar om slike briller, men sjølv syns eg det er dritstilig - trass i at eg eigentleg ikkje kler dei så bra ^^

Dei andre er raude og kvite

Men NO er det sparing, sparing og atter sparing som gjeld! Eg har alltid hatt eit lite problem der - pengane brenn mellom fingrane på meg. I løpet av sommaren har eg brukt fleire tusen kroner enn eg orker å tenkje på... Men no SKAL eg bli flink :)

Sleng med eit bilete av min nye baby på tampen - Samsung ES55, 870 kr frå Pixmania.no:

Biletet er henta frå digitalmega.com

onsdag 12. august 2009

verdens beste

No medan eg sat og rydda skrivebordet, fann eg alle bursdagskorta eg fekk før ferien. Så utruleg heldig eg er som har sånne fantastiske vener! Eg vert rørt her eg sitt og les alle dei gode orda...

Verdens finaste kort frå verdens flottaste folk!

Den fantastiske tegningen til Shandell!

Sangen til Synnøve og Ragnhild, skrive på baksida av ein Rimi-kvittering

Her er eit lite utdrag frå sangen:
"Du køyrer og du køyrer, ja no blir du snart ein fører.
Men husk og ikkje drikk deg full, me håpar du ikkje prøver."

Fantastisk :D

complicated

Som sagt skulle eg i 18 års-dag i kveld, men no trur eg ikkje det vert noko av... Føler meg ikkje heilt pigg, er trøtt og litt varm, i tillegg har eg litt vondt i hovudet. Men i anledning kvelden hadde eg sett på falske negler, og no kan du tru eg angrar! Eg driv og pakkar til å reise tilbake til Framnes, og då er desse hersens neglene berre i vegen. Skjønar ikkje kvifor dei treng å vere så himla lange?! Eg har filt (til den store gullmedalje) for å få dei kortare, men til inga nytte verkar dei som... Vel vel, får berre håpe at dei dett av snart, for rive dei av kan eg ikkje gjere! Diverre :)

Korte, lubne fingrar, og store, stygge negler.

frøken fail

I går gjekk det opp for meg ei grusom (dog humoristisk) sanning. (Omg eg hatar nynorsk nokre gongar.) Det vesle blonde hovudet mitt er fullt av feil og manglar! Augene (uklårt langsyn), nasa (tett), øyrene (betennelse) og tennene (som så klart er skeive) har alle gjort sitt til at eg har måtta besøke apoteket 20 gonger, legen 5 gonger, spesialist 3 gonger, optikaren 1 gong og kjeveortoped x antal gonger. Det neste blir vel at eg får ei rift på stemmebåndet eller noko... MEN ein skal ikkje ta sorgene på forskudd! ;)

Just have to live with this!

I kveld skal eg i 18 års-dag til Ida og Camilla, med 90-tallstema på festen. Trur ikkje eg skal kle meg ut, men gler meg veldig til å vera med gjengen! :)

tirsdag 11. august 2009

sommaren är kort, de mesta regnar bort

Bloggen min har, som mange andre bloggar, tatt ferie i sommar, men no er han tilbake for fullt. Men kva har eigaren gjort på i ferien? Jo, ho har...

...ikkje eigentlig hatt ferie, men jobba på ein jokerbutikk i 6 veker. Slik vert det pengar av!
...besøkt Gunda på Nedstrand (som nemd i tidlegare innlegg)
...vore på Tysnescupen (3.-5. juli) som tilskuar.
...shoppa... litt for mykje.
...vore på Tysnesfest og på konsert med Hallelujah-gutane.
...sitte benka føre tv'en kvar kveld 22:30 for å sjå Paradise Hotel.
...begynt eit nytt og betre liv - og så droppa det... To gongar.
...blitt brun. (Ingen utdjuping, nei.)
...feira 4 familiebursdagar.
...hatt besøk av solstråla Synnøve.
...besøkt tannlækjaren min på Os.
...slutta med nasespray(!)
...bada... Éin gong.
...og kjøpt seg nytt digitalkamera som ho er knallnøgd med! :) Random pics:





torsdag 25. juni 2009

Du veit det er sommar...

...når sola skin gjennom vindauget, fuglane kvitrar utanfor og ingen har oppdatert bloggen sin på 3 dagar.

søndag 21. juni 2009

17 igjen

Er det mogleg at ein film som inneheld basketballkampar, tidsmaskin-konseptet og ein "happy ending" vert bra? Ja, med Zac Efron i hovedrolla.

I går, laurdag, reiste eg til Nedstrand for å besøke Gunhild. Om kvelden tok vi bilen deira og kjørte inn til Haugesund for å gå på kino, bursdagspresang frå Gunhild til meg :) Vi bestemte oss for å sjå "17 igjen" med kjekkasen Zac Efron.

Då vi var komt til kinoen og venta på å kome inn i salen, var det for det meste fjortisar som venta saman med oss. Men som Gunhild sa: "Va kje det det så va meiningå då?" Vel inne fann vi oss godt til rette (ikkje på dei tilviste plassane så klart,vi fann oss nokre betre, salen var nesten tom) med brus og smågodt som vi hadde kjøpt på Rema 1000 før filmen (er de klar over kor dyrt slik er på kino???). Så begynte filmen.

Vi hadde ikkje særleg høge forventningar på førehand, men det kunne vi like godt hatt - eg har aldri kost meg så mykje når eg har sett ein film før (og i allefall ikkje på kino!) Det er ein slik film du føler du har sett før, med mange element i frå ulike eksisterande filmar, men Zac Efron lyfta heile filmen til eit høgare nivå. Ikkje for å dra på meg eit fjortisstempel her altså, men han er berre fantastisk flott å sjå på! Vi var einige om at hadde det ikkje vore for han, hadde ikkje filmen vore like bra. Men bra var han altså. Eg lo meg gjennom heile filmen og storkoste meg - ei anbefaling til alle som ikkje har noko imot litt jente-/fjortisnæring i sommar!

lørdag 13. juni 2009

på kjøleskåpet heng det ein lapp.

saman med eit antikt bilete

fredag 22. mai 2009

Reisefeber - bokstavleg talt.

Aldri, ALDRI set deg på ein buss når du er sjuk. Eg gjentek: ALDRI.

I dag skulle eg reise heim til vene, øde Tysnes, med buss som vanleg. Eg var sterkt forkjøla og litt febervarm, men tenkte eg skulle nok overleve ein busstur på eit par timar. Den einaste forskjellen på å befinne seg på ein buss og ein annan stad, var at jo bussen bevega seg, tenkte eg. Det viste seg at det var heile problemet.

Aldri før har eg vore dårleg. Eg snufsa og nøys, kokte innvendig og greide etter kvart å byggje meg opp ein eventyrleg kvalme. Bussturen var eit mareritt - viss ein ser bort frå det vesle faktumet at eg faktisk var våken. På Kilen fekk eg meg frisk luft (takk Gud!) og møtte Joachim som eg ikkje hadde snakka med på lenge. Då steig formen litt :) Men det varte jo så klart ikkje lenge... Då mamma henta meg ved bussen, var eg eit salig vrak. Men heiane mann kor godt det var å kome heim att! Sjølv om det berre er 2 1/2 veke sidan eg var heime sist, kjente eg at eg trengte dette. Skulle ønske eg kunne kome heim akkurat når eg ville, utan å måtte ta buss... Kvifor finst ikkje immivering på ORDENTLIG???

............................"Utsikta" heime. Sjøen hadde ein veldig fin grønfarge i dag =)

Men det å vere sjuk er jo ikkje heilt feil :) Eg har - i motsetnad til mange - ein utmerka appetitt når eg er sjuk, og badar i cola, chips, is, kjeks, moreller og alt mulig anna digg. (Greier sjølvsagt å begrense meg. Lygekors.) No stikk eg tilbake til tv3.no og ser 2. episode av "Mamma søker kjæreste". (Tragiske meg.) Eg har ikkje tal på kor mange episodar av alle moglege seriar eg har sett dei siste dagane! Oi, no fekk eg ei sånn "kor-god-det-er-å-leve-kjensle"! Eg beundrar meg sjølv. Riktig god helg alle saman! :)

onsdag 20. mai 2009

Eg vil vekk. NO.

Eg kan nesten ikkje få sagt kor mykje eg ser fram til å kome vekk frå dette hølet av ein plass som Framheim er (og til Nesheim, ikkje vekk frå Framnes generelt ;)) Eg gledar meg til at folk ikkje skal ha fritt innsyn til rommet mitt lenger. Eg gledar meg til å kome vekk frå bråket utanfor vindauget mitt, at folk trenar hoppetau ute i gangene ved midnatt, og at det driv å går i ytterdøra laaangt etter innetid. (Ofte er tilsyn/låsevakt skuld i dette.) Eg gledar meg til å få eige kjøleskap som folk ikkje kan stele frå. Eg gledar meg til å ha ein normal steikeomn til disposisjon som ikkje svir maten din før halve steiketida er gått. Eg gledar meg til koslege stover der ein ikkje risikerer å få lungebetennelse grunna gjennomtrekk. Eg gledar meg til at alle jentene skal bu på same bygget, og at vi ikkje må gå ei halv mil for å kome til guteinternatet.

Min framtidige sambuar (t.v) og ein random person

Ellers gledar eg meg til russetida, 13 fritimar i veka, billappen, forhåpentligvis ein jobb og Tunisia. Og sist men ikkje minst gledar eg meg til enda eit år med alle dei fantastisk digge folka her på halvøya! Gledar du deg til neste år?

tirsdag 19. mai 2009

17. mai på Framnes...

...er ikkje til å anbefale, med mindre du har ei fantastisk evne til å underhalde deg sjølv på eiga hand. Misforstå meg rett, eg har hatt ei ganske fin helg! Men til og med det omtala togapartyet til Stordalen var nok meir spennande enn det som skjedde denne langhelga.

Dei fleste stakk av på torsdag, men fredagen var det framleis nokre tapre sjeler som var igjen på halvøya. Dagen gjekk med til soling på brygga, jordbæreting og årets første bad for min del. (Flaut.)

16. mai er her i landet ein dag for heftig festing - og Framnes er ikkje noko unntak. Festinga gjekk riktignok føre seg på ein litt annan måte... Heilaftenen starta klokka fire då det var duka for fotballkamp i personalstova der Brann spela mot Start. Det var 5 tilsette og 2 elevar tilstades x) Brann vann riktignok ikkje, men det gjorde ikkje Molde heller, til mi glede og Sverres store fortviling. Seinare på kvelden hadde vi grillparty utandørs, der pølse og hamburger (ny variant: karbonaden skifta ut med løvbiff) stod på menyen. Vi var 13 personar til bords, og hadde det riktig hygglelig! Vi snakka om planane for dagen etter (17. mai), og eg sa eg hadde tenkt til å sitje på rommet og lese til historieprøve. Då såg Håkon, min kjære historelærar, på meg som om eg skulle vore gal. "Du ska vel ikkje det?!" sa han, og tilbød meg skyss (nei, ikkje tilbød - TVANG PÅ MEG) inn til Norheimsund for å feire nasjonaldagen. Lese til historeprøve fekk eg i alle fall ikkje lov til. Kveldens høgdepunkt var sjølvsagt Grand Prix-festen i personalstova. Chips, brus, druer og kakerester etter Kjell Magnes 50 års-dag gjekk raskt unna, medan vi spent fulgte med på alle (dei elendige) bidraga til årets konkurranse. Og du kan tru det var stemning då vi vann! We love Alexander Rybak.

Søndag morgon. Vakna 10.10, og var kjempeirritert over at eg hadde gått glipp av frokosten. Så såg eg at eg hadde fått melding av Kristin, der ho spurde om eg ikkje skulle vere med og joine i toget klokka elleve. Dette var ikkje ein del av planen min, og eg vart SUPERstressa. Men sjølvsagt ville eg vere med! Då var det berre å rive til seg det første og beste ein fann i klesskapet, og kaste seg på scooteren inn til NHS. Litt av eit syn kan eg tenkje meg; kort kjole, skinnjakke og blonde krøller som stakk ut under hjelmen. Dei høge hælane hadde eg heldigvis vet nok til å leggje i veska til eg kom fram. Eg var tru det eller ei framme i god tid, og møtte Kristin, Lene, Oda og ei anna jente hvis namn er ukjend. Vi gjekk til Toloheimen og så opp til skulen. Eg har no funne ut at eg ikkje er egna til å gå i høge hælar - i alle fall er ikkje utkommet spesielt bra. Eg har framleis gnagsår og vice versa. I idrettshallen underhaldt skuleborna med vakker song, og vi fekk høyre 17. mai-tale. (For detaljar om talen, ta kontakt personleg. Det er til anbefaling.) Svolten som eg var (hadde jo ikkje ete frukost), sendte eg melding til tilsyn om kortid det var middag. “Halv to, men du kan få den seinare om du vil, det er sånn middag du varmar sjølv i mikro," var svaret eg fekk (nemnt i forrige innlegg.) "Hæ?" tenkte eg, og var sikker på at det var tull. Det var jo 17. mai (og søndag!), og vi måtte jo få skikkelig middag! Men då eg kom tilbake skjøna eg fort at det ikkje var ein spøk. Der stod Sverre klar og delte ut Biff Stroganoff, klar til å puttast i mikrobølgeomnen. Med mykje salt og grillkrydder gjekk det greit ned. Kor mange vi var til middag? 6 stk. :) Til kvelds var det take-away grandis på skulen si rekning, ikkje heilt feil det ;D

Norheimsund-russen. Legg merke til vår kjære Jostein nede i midten ;)

Høhø.

Det vart til at eg leste til historieprøven i går (måndag) i staden for. I tillegg skreiv eg ein laaaaang e-post (på tysk!) til Susanna for å få skrivetrening til eksamen, så eg la meg med relativ god samvit i går kveld! Vel, då eg først la meg... Gjekk nemlig tur med Maria, og kom tilbake litt seinare enn tenkt. Tilsyn var i allefall glad for å sjå oss :)

No greidde eg forresten akkurat tøme vannflaska mi ut over pc-tastaturet. Et eller anna tyder på at eg bør ta kvelden. God natt!