onsdag 29. april 2009

tirsdag 21. april 2009

Blogg.rejoice.prøve.middag.seksualtiet.sjokolade.utlendingar

I ferien var eg flink og oppdaterte bloggen min opptil fleire gongar dagleg. No har eg ikkje blogga sidan skulen byrja att. Utruleg kor lite tid du får til overs her på halvøya, fordi du driv med ting som ueffektiv prøvelesing og facebook-sosialisme.

Vel, i helga var det Rejoice, og eg hadde gleda meg veldig. Diverre svarte det ikkje heilt til forventningane mine. Kva eg eigentlig hadde forventa meg veit eg ikkje, men eg følte ikkje at det gav meg så mykje. Men konserten på fredagskvelden med Seraf var utruleg bra, den beste konserten eg har vore på, musikalsk sett! Dessuttan fekk eg meg ei brun Rejoice-t-skjorte som eg er rimeleg nøgd med ;) (Beklagar den materalistiske tankegangen.)

I dag hadde vi kroppsøvingsprøve. Det gjekk rett vest! Eg hadde lest, men Geir Johnny hadde vald å spørre om dei tinga som eg ikkje hadde lest på. Trur han er glad i meg. Eg og Debora gjekk frå prøva tidleg, og møtte Heimark. Vi sette oss nede i hallen, og reiv sportmannbladet mitt i tusen bitar. Eg har no funne ut at eg har ein ting for det å rive sund blad og aviser... Eg er ei levande makuleringsmaskin.
Middagen i dag åt saman med Jonas og Daniel. Det var ekkelt.

No har eg nettopp vore på seksualundervisning med Lisbeth og Arne. (Ja, ikkje berre eg altså. Heile andre klasse var det, bortsett frå norke døgeniktar som heller ville spele fotballkamp.) Det var interessant og morosamt, kanskje mest det siste. Ingen tvil om at dei er eit radarpar her på skulen. Eg ser fram til neste kveldsundervisning!

For augneblinken sit eg på rommet mitt og har just hatt eit desperat behov for sukker. Det problemet løyste eg med å dukke ned i sukkertøykrukka mi, der ein for det meste finn godteri med produksjonsdato frå august-desember 2008. Ingenting av nyare dato. Men kva gjer vel det? Smuldrete nissesjokolade smakar minst like godt som Freias 200 grams sjokoladeplater frå dags dato :)

I morgon natt kjem tyskarane!!! :D



lørdag 18. april 2009

Og jula varer helt til påske!..

..i allefall heime hos oss. Eg har funne ut at vi har litt problem med å hvie ut jula når høgtida er ferdig. Kanskje tek vi tek den kjente sangen litt for alvorlig... Alle bileta under er tekne i påsken.



søndag 12. april 2009

A tattoo for you

Akkurat no sit eg og ser på "Miami Ink" på Discovery. Det er seriøst noko av det kulaste som går på tv! Det handlar om fire-fem karar som jobbar som tatovørar på eit studio i Miami, Florida. Og dei er heilt sjukt flinke! Dei lagar vannvittige tatoveringar med alle mulige motiv - og det ser dritstilig ut. Det går også eit program som heiter "LA Ink" som går ut på det same, berre at her er det heile lagt til Los Angeles. Tatovørane her er også sinnsjukt flinke :) Kat Von D, til dømes, er heilt vill på å lage naturtro portrett av menneske. Programma går på Discovery Channel og Discovery Travel & Living, så hvis du har desse kanalane og litt tid til overs, anbefalar eg å ta ein titt :)

Kunne du tenkt deg å teke tattovering?

Portrettatoverinar av Kat Von D

lørdag 11. april 2009

Penicillin og blaute blyantar

I dag kom eg meg endelig til legen. Han gav meg penicillin og paralgin forte, så no tenkjer eg at eg snart får eit smertefritt og brukbart øyra tilbake :) I natt sov eg ikkje (dels på grunn av øyreverken), og har framleis ikkje sove noko. Men eg føler meg ganske fresh, trass i at eg ser ut som eit spøkelse :)

Medan eg har vore heime i ferien, har eg teke opp att ein hobby som eg eigentleg har hatt så lenge eg kan hugse: teikning. Det er lenge sidan eg har teikna noko skikkeleg no, må vere eit år sidan då eg teikna bursdagsgåve til Tone Marit, eller overraskelsespresang til Synnøve. Utruleg kjekt å drive med, spesielt når sluttresultatet vert noko lunde bra ut ;) Kjekkast er det å teikne menneske, sjølv om det er veldig vanskelig. Og det skal seiast: gutar er MYKJE vansklegare å teikne enn jenter ;P

Med hjartet på rette staden

Det fins delte meiningar om trønderbandet D.D.E. Mange synes dei er harry. Eg elskar dei.

Visst har dei fleire songar utan særleg innhald og moral, men dei har óg mange gullkorn. Ein nokså kjend song er "Ville fugla flyg", som handlar om at ein må gi alt og tørre å stå fram for å vinne rettferd. Dei ulika versa omhandlar hendinga på den Himmelske Freds Plass, motet til apartheidmotstandaren Nelson Mandela, og Jesus som livets lys. Songen er heilt nyyydeleg. Ein annan song som er veldig flott er "Som Splintra Speil", som handlar om ei skilsmisse. Begge desse songane er skrivne av Rolf Mokkelbost, som etter mi meining skulle hatt ein eller annan litteraturpris når det gjeld låtskriving. D.D.E har dessutan eit samarbeid med Frelsesarmeen, og i fjor gav dei ut ei juleplate saman med organisasjonen, der inntektene gjekk til Armeens arbeid. Forresten, eg må berre nemne éin song til som er fantastisk. Den heiter "Jul'kortet", og er ein del av albumet "No e d.d.e jul igjen". Her kan ein høyre Frelsesarmeens Nasjonale Hornorkester i bakgrunnen. Ein utruleg vakker julesong som eg anbefaler alle å høyre!

torsdag 9. april 2009

Øyreverk og litt attåt

No har eg slitt med øyreverk i eit par dagar, pluss at eg har kroppen halv-full (eller halv-tom, alt etter som) i feber. Det er så typisk meg å bli sjuk i feriane! På toppen av alt har eg ein sosiologirapport eg er nøydd til å skriva, men som eg ikkje heilt orkar å byrje på... Men eg skal ikkje klaga :) No har eg kasta innpå eit par paracetar, tatt meg ein dusj (OKEI, eg skal slutta å blogga om dusjing) og hoppa i pysjamasen. Tenkjer eg legg meg snart - kanskje eg til og med får sova? I dag stod eg jo faktisk tidleg opp - kvart over ti! Jei.

onsdag 8. april 2009

Elisabet oppdaterer bloggen sin ofte.

Det likar vi.
Elisabet likar lys.

Vi likar Elisabet!

Germans arriving wasteland

No sit eg på rommet mitt, og skulle eigentlig arbeide med biologi-prosjekt (om fjellreven, interessant, eller hur?), men tenkte eg heller kunne opplyse dykk om at i dag er det kun TO VEKER igjen til tyskarane våre kjem! Til de som ikkje er informert, her kjem ei kort oppklaring: I ei veke i haust var delar av tyskklassen på studietur til Tyskland, der vi budde hos tyske ungdommar som var elevar ved Freie Christliche Schule Darmstadt. Denne skulen har eit samarbeid med Framnes, og no, den 22. april, skal tyskarane vi budde hos kome til Noreg og vere hos oss i ei veke! Eg både gledar og gruar meg, mest gledar meg sjølvsagt :) Det blir konge å få sjå Susanna ("min" tyskar), Jana, Verena, Janina og alle dei andre igjen! "Far min", dvs far til Susanna som eg budde hos, skal også kome, sidan han er lærar ved FCSD. Det blir stas! Noko av det eg gruar meg mest til, er å vise internatet med romma, dusjane og toaletta. Ser jo ikkje ut, dei må jo tru at foreldra våre er fattige, og ikkje har råd til å sende oss på ein betre skule... På ei anna side, så var ikkje skulen deira så mykje å skryte av heller^^

Anten du kan tysk eller ikkje - ta godt i mot dei når dei kjem ;)

tirsdag 7. april 2009

Framnes-abstinensar

Eg såg nettopp på klokka nede i høgre hjørne på pc'en min. Ho viste 22:27. "Å nei, snart innetid!" tenkte eg. Så gjekk det opp for meg at eg faktisk ikkje var på Framnes.
Det er rart korleis du kjem inn i daglege rutinar, og når du kjem heim greier du ikkje heilt å omstille deg til feriemodus. Eg for min del har ikkje lyst til å kome inn i feriemodus. Ei helg heime kan vere avslappande, men viss det blir meir enn det, byrjar eg å sakne tilbake til Hardanger. Rutinane, folka, alt! (Eg er nok litt sær på det området, dei fleste ville gjort kva som helst for meir feire.) Eg tør nesten ikkje tenkje på at vi snart skal inn i vårt siste år på Framnes.. Men trur i grunn at det kjem til å bli eit veldig bra år :) Nesheim, 13 fritimar i veka, RUSS, mange ferskisar, misjonsprosjekt, bil, jobb?.. Då vil eg i allefall ikkje reise heim!

20 spørsmål

Etter ein lang og slitsam skuledag kjem eg opp på rommet mitt og set meg ned foran pc'en. Som alltid går eg innpå iTunes for å setje på musikk, før eg set igang med leksene (yeah right...) Men - heisann! Ein ny podcast er på veg inn i maskina mi! Spent trykkjar eg på "nedlastingar", og der står "20 spørsmål 28.03.09" (Ja, eg veit det var ein laurdag, men programma er alltid tilgjengelege to dagar etterpå...;)) Etter nokre minutt er programmet ferdig nedlasta, og eg kan
lene meg tilbake og nyte 26 minutt og 42 sekund med underhaldning på høgt nivå. Og spanskleksene? Dei kan vente til seinare..

Viss du er ein av dei som ikkje synes 20 spørsmål er teit, og berre er noko foreldregenerasjonen vår kan høyre på (ja, det fins faktisk nokre av dei.. Kan du tenkje deg til??), så går det som sagt an å laste ned på iTunes som podcast. Gå innpå iTunes store, og søk på 20 spørsmål, så vips! Ha ein fin ferie vidare :)

lørdag 4. april 2009

Modellbransjen

Eg mislikar modellbransjen. Då snakkar eg ikkje om det mi kjære vakre Linn Borgny driv med (misforstå meg rett, eg meiner ikkje at det er useriøst!), men den knallharde og utfordrande verkelege konkurransen. Eg har sett på seriar som Top Model, Modellbyrået og liknande. Eg kan synast det er underhaldande, men eg likar ikkje opplegget. Eg mislikar at ein må vere så utruleg tynn for å få lov til å gå på ein catwalk. Eg mislikar at det ikkje er "lov" å vere sjuk, men at ein alltid må yte maksimalt. Og ikkje minst: Eg hatar å sjå folk bli skuffa fordi dei ikkje er gode nok.

Når det er sagt er det ganske artig å "leike" modell, når ein får vere seg sjølv, akkurat slik som ein er. I dag skulle eg i utgongspunktet berre prøve noko nytt mamma hadde kjøpt, men så enda det med at eg hadde "fashionshow" for mamma og pappa. Med høghæla sko og store solbriller prøvde eg ein 9-10 kjolar, håndplukka frå mitt og mamma sitt klesskap. Viss du syns eg er skrudd i hovudet, så er det greit^^ Men eg forstår at enkelte likar å drive med det!

Tenkte eg skulle legge ut eit nytt bilete av ein, etter mi meining, veldig fin sommarkjole som eg kjøpte i Tyrkia for snart 3 år sidan, men sjølvsagt har eg gløymt kamerakabelen på Framnes... Men men, då får eg heller ta å slenge med eit bilete frå den gongen eg kjøpte han, men HUGS: Det er faktisk tre år sidan.

King of the road

I eit tidlegare blogginnlegg (som no er sletta) uttrykte eg min fustrasjon når det gjaldt manglande glede og lyst til å køyre bil. No har dette endelig endra seg, og eg kan konstatere at eg per i dag trivest bak rattet :) Skulle berre mangle sidan det no faktisk berre er omlag to månadar igjen til oppkøyring... Sleng med eit bilete av bilen min som står heime i tunet, og berre ventar på å få bli køyrd ;)

fredag 3. april 2009

Selskap bak forhenget

Eg kjem meg ikkje heilt bort frå fenomenet dusjing. Har du nokon gong stått i dusjen og følt at nokon har dunka deg på skuldera? Det har eg, fleire gongar, og det er verkeleg ikkje til å anbefale. I alle tilfella var det riktignok den der "kosten" som står inne i dusjen som hadde skulda, men behageleg var det ikkje. No har eg endeleg komt meg heim, vekk frå "kostar" som lever sitt eige liv, og ikkje minst KALDT VATN! Klokka slår snart midnatt, og eg har nettopp hatt den fornøyelsen av å dusje i varmt og deilig vatn, som ikkje skiftar temperatur etter humøret. Medan vi snakkar om varmt vatn... Bror min kjem heim frå fotballkamp om ein augneblink, og eg stod ganske lenge i dusjen... :S Eg lever i faresonen for bank.

onsdag 1. april 2009

Sjølvpining (Dusjing på Framheim B)

Klokka nærmar seg innetid, og du er på veg inn i dusjen. Det er seint på kveld, og mange har dusja før deg. Du fryktar det verste i det du skal til å skru på vatnet - men, hei! Det er enda litt varmt vatn igjen! Overlykkeleg let du vatnet strøyme nedover kroppen din, men det går ikkje lang tid før noko byrjer å skje. Vatnet blir kaldare og kaldare, og du føler det meir og meir ukomfortabelt. I det stille ber du ei kort bøn om at lunken skal kome tilbake - det har nemleg hendt før. Og som på kommando får vatnet ein nokonlunde normal temperatur igjen. Flaks. Men kor lenge var Adam i Paris? Etter mindre enn eit halvt minutt, kjem kulden tilbake - no kaldare enn nokon gong før. Brått er ikkje vatnet lenger behageleg mot huda, men føles som knivar som skjèr i deg. Slik står du i nokre få sekund, medan du gjer eit febrilsk (og heller mislukka) forsøk på å skylje ut balsamen av håret. Vel inne på rommet er det berre å finne fram pysjamasen og hoppe opp i senga under dyna med det same, ellers kan du nok risikere å få frostskadar. GOD NATT!