torsdag 25. juni 2009

Du veit det er sommar...

...når sola skin gjennom vindauget, fuglane kvitrar utanfor og ingen har oppdatert bloggen sin på 3 dagar.

søndag 21. juni 2009

17 igjen

Er det mogleg at ein film som inneheld basketballkampar, tidsmaskin-konseptet og ein "happy ending" vert bra? Ja, med Zac Efron i hovedrolla.

I går, laurdag, reiste eg til Nedstrand for å besøke Gunhild. Om kvelden tok vi bilen deira og kjørte inn til Haugesund for å gå på kino, bursdagspresang frå Gunhild til meg :) Vi bestemte oss for å sjå "17 igjen" med kjekkasen Zac Efron.

Då vi var komt til kinoen og venta på å kome inn i salen, var det for det meste fjortisar som venta saman med oss. Men som Gunhild sa: "Va kje det det så va meiningå då?" Vel inne fann vi oss godt til rette (ikkje på dei tilviste plassane så klart,vi fann oss nokre betre, salen var nesten tom) med brus og smågodt som vi hadde kjøpt på Rema 1000 før filmen (er de klar over kor dyrt slik er på kino???). Så begynte filmen.

Vi hadde ikkje særleg høge forventningar på førehand, men det kunne vi like godt hatt - eg har aldri kost meg så mykje når eg har sett ein film før (og i allefall ikkje på kino!) Det er ein slik film du føler du har sett før, med mange element i frå ulike eksisterande filmar, men Zac Efron lyfta heile filmen til eit høgare nivå. Ikkje for å dra på meg eit fjortisstempel her altså, men han er berre fantastisk flott å sjå på! Vi var einige om at hadde det ikkje vore for han, hadde ikkje filmen vore like bra. Men bra var han altså. Eg lo meg gjennom heile filmen og storkoste meg - ei anbefaling til alle som ikkje har noko imot litt jente-/fjortisnæring i sommar!

lørdag 13. juni 2009

på kjøleskåpet heng det ein lapp.

saman med eit antikt bilete