mandag 26. oktober 2009

"Ser eg ut som ein som pleie å gå på fjellet?"

Eg hadde i utgangspunktet tenkt å døype dette innlegget "Ut på tur, aldri sur", men så såg eg at den tittelen brukte eg på eit innlegg i mai. Altså forkasta eg den tanken.

I dag var vi på friluftslivtur igjen. Turen gjekk opp til Krokavatn - og ned igjen. Greia var at vi skulle bruke kart og kompass, men spesielt sistnemnde fekk liggja mykje i fred. Turen var ikkje verdas mest utfordrande, sjølv om eg nok var den som syns det var tyngst... Men i dag var eg i det positive hjørnet, og klaga svært lite til å vere meg^^ Eg var på gruppe med Johanne, Lars Bjarne, Johann og David - ei veldig flott gruppe som eg var stornøgd med! Me song, lo og tok bilete på store delar av turen, og tok det ganske easypeasy :)

Johann sette på sjølvutløysar for å ta bilete av alle... 10 sek var ikkje nok.

Sært? JA

Sjå gutane holle hånnelanken!

Stemning :)

Synnøve the one.

Johan tørkar skoa sine på bålet

Kjempefin tur!!! :)

søndag 25. oktober 2009

[mag] kan brukast til så mangt...

...blant anna å slå i svime det monsteret av ein møll som kom innpå rommet mitt nettopp. Dei som kjenner meg, veit at eg absolutt HATAR møll. Og då dette stygge insektet med eit vingespenn på to meter kom dansande, like grasiøst som Svein Østvik, bortover veggen min, greip eg fatt i det næraste eg hadde å slå med - nemlig [mag].
Fredagskvelden hadde eg same problemet med ei svær fluge som forvilla seg innpå rommet mitt då eg skulle sove. Av ein eller annan grunn har eg litt større medkjensle når det gjeld fluger, og fekk dårleg samvit då eg hadde slått til ho så blodet spruta. Det var etter at eg ikkje hadde gjort jobben skikkeleg første gongen - eg skulle finne kameraet for å ta bilete av den "daude" fluga (nei, eg plar ikkje ta bilete av alle flugene eg drep), og så såg eg at ho hadde bevega seg 10 cm bortover avisa. Dermed vart eg litt hard på handa andre gongen...
Men no legg eg meg til å sove, i morgon er det friluftslivtur (jippii!) Good night, sleeping beauties!

"I fred vil jeg legge meg ned og sove. For du, Herre, bare du lar meg hvile trygt." Salmene 4,9

Slik ser historieboka mi ut:

Julebrus og søndagsmiddag ;)

Den franske revolusjonen - jippi!

Ja, kva var eigentleg riksforsamlinga si oppgåve?

Ved slutten av skuleåret er mest sannsynleg nesten heile boka full i slike post-it-lappar med stikkord og notatar. I know, eg har ein litt spesiell måte å arbeide med stoffet på. Til denne prøven har eg ikkje litt kontroll over pensumet, men ingen skal seie at eg ikkje har lest! Så får det no stå sin...prøve.

lørdag 24. oktober 2009

Ein nydeleg haustdag

Innimellom lesinga til historeprøven som eg skal ha neste veke, fekk eg teke meg ein tur ut i haustsola. Véret var nydeleg! Trur ikkje det kan beskrivast på annan måte enn med bilete (treng vel ikkje leggja til at eg ikkje kan fotografera):

Zico nyt sola

Gamla-eiko

Fotogene straumledningar

Fin, blå himmel!

"Utsikten"

Hugleik på staur

Heilt nydeleg!

Éin stk. fornøyd hund...

...og ei stk fornøyd jenta :)

fredag 23. oktober 2009

Julas innmarsj i butikkane

Eg veit ikkje om eg skal verta oppgjeve eller om eg skal tillata meg sjølv å verta fylt med forventning og glede. Men no har altså både peparkaker og julebrus dukka opp på butikkane inne i Norheimsund. Like ved inngongen står Hansa sin julebrus og freistar alle som berre skal inn for å kjøpe kaffe eller sjampo. Sjølv eg har falt for freistinga å kjøpa figurbakte pepperkaker frå Sætre.
Er det for tidleg å selja slikt no, to månadar før julafta? Dei aller fleste vil nok seie det. Eg er einig, MEN eg er ikkje av dei som ventar til første desember med peparkaker, julebrus og julesongar for den saks skuld. Dette av to grunnar: 1) Eg greier ikkje å ha slike prinsipp. 2) Om det bringer julestemning (som det jo då gjer), vil heller at denne skal kome for tidleg enn for seint. Så det så :)
Såå fin julesong! Som forresten ikkje heiter "Nå er den hellige time"...