torsdag 13. august 2009

pakke i posten... igjen

I dag morges drog mamma meg omtrent ut av senga for at eg skulle vaske bilen min. Eg har gått og tenkt på at eg skal gjere det heile veka, men utsett det til siste dag. Då eg var ferdig fann eg ut at det var mykje verre å tenkje på at eg skulle vaske han, enn å faktisk gjere det. Og sånn er det med det meste! Bilen blei no fin i allefall, både utvendig og innvendig :)

I dag fekk eg forresten den femte pakken i posten for sommaren. For å rettferdiggjere meg sjølv skal det seiast at han ikkje berre var til meg, men til mamma óg. Men eg fekk meg altså verdens herligaste flanellpysjamas <3

Det rosa skjerfet i bakgrunnen fekk eg óg

Lykken var stor inntil eg la merke til at pysjamasen hadde ROSA striper og kantar. I mitt rike går det ikkje an å ha rosa og blått på samme klesplagg. MEN eg legg godvilja til, og skal nok få brukt pysjamasen, for elles var han herleg :)

"Sitt so gale?!"

Denne sommaren har eg også fått meg ein pakke med kle i frå H&M, 2 pakkar i frå Pixmania.no (den eine med kameraveska og minnekortet, og den andre med kameraet), og ein pakke frå USA - 3pk med "nerdebriller" som eg fann på ebay. Og eg betalte berre 120 norske kroner for tre par, samt frakt og heile pakka. Særs nøgd! Eg veit det er delte meiningar om slike briller, men sjølv syns eg det er dritstilig - trass i at eg eigentleg ikkje kler dei så bra ^^

Dei andre er raude og kvite

Men NO er det sparing, sparing og atter sparing som gjeld! Eg har alltid hatt eit lite problem der - pengane brenn mellom fingrane på meg. I løpet av sommaren har eg brukt fleire tusen kroner enn eg orker å tenkje på... Men no SKAL eg bli flink :)

Sleng med eit bilete av min nye baby på tampen - Samsung ES55, 870 kr frå Pixmania.no:

Biletet er henta frå digitalmega.com

4 kommentarer:

Marita sa...

Eg veit i alle fall kva eg meiner om slike briller; råstilige!:D Gler meg til å sjå både deg og brillene dine:)

Isabell sa...

Gler meg til å sjå deg og! :)

Oda sa...

Eg har og slike briller ;) Det er råstilig på alle andre, men eg ser ut som ein klovn :S

Anonym sa...

hvor fikk du tak i slik fin pysjamas da?