mandag 21. september 2009

Tranversal sylinderprojeksjon?

Mange spør meg korleis det går med samfunnsgeografien min. For dei som ikkje har fått det med seg, hoppa eg av, ehm.. valde eg vekk sosialkunnskap til fordel for samfunnsgeografi som privatist. Det går heilt okei! Det er faktisk ganske interessant, i allefall ein del av det. Saka er berre den at når eg les konsentrerer eg meg så sterkt om å forstå det eg les, at eg gløymer at eg skal hugse det også. Fatta? I tillegg er eg litt usikker på om eg kjem gjennom heile boka før eksamen til jul, kjem an på kortid han skal vere. Meeen når eg då er ferdig, får eg masse fri etter jul. Herleg!


Ok, då skal eg lese litt, måtte berre blogge om det først ;) Dødelighet og aldersavhengige dødsrater, here I come!


Masse fine bilete!

1 kommentar:

hlewagastiR sa...

Da eg gjekk på vidaregangande, tykte eg den delen av geografifaget som var samfunnsgeografi, var veldig forvitneleg. Stilig at det finst som fag. Heldig du!