fredag 14. august 2009

førehandsstemming!

I går fann eg ut at nokre av mine slaskete familiemedlem har greidd å kaste valkortet mitt i bosset. Det er heilt utruleg, skulle tru dei ikkje ville at eg skulle stemme eller noko. Men men, i dag morges ringte eg inn til valsekretariatet (eg er blitt utruleg flink til å ringje til folk eg ikkje kjenner, i utgangspunktet hatar eg å snakke i telefonen), og heldigvis var det berre til å kome inn, så skulle dei skrive ut eit nytt valkort. Så då gjorde eg det! Eg liker tanken på at endeleg kan vere med å bestemme her i landet, til ei viss grad^^

Vårt kjære rådhus der vallokala finn stad (Biletet er henta frå tysnes.kommune.no)

No har eg nettopp laga ostekake som skal i kaféen på opningsdagen på laurdag. Eg hadde heilt gløymt heile kaka eg, hadde det ikkje vore for at Hallvard, vår kjære misjonsprosjektleiar, sende ut påminningsmelding i går. No gler eg meg kjempemykje til å kome tilbake til Framnes og sjå folk igjen. Og ikkje minst sjå kor eg skal bu på Nesheim :) Om to timar reiser eg!

Ingen kommentarer: