fredag 20. november 2009

NY BLOGG!!!

Eg har fått ny blogg: http://www.belleboe.blogg.no/
Besøk den med jamne mellomrom, då vert eg glad! :):):)
Og legg meg gjerne til i kontakt lista di!
Hjarteleg helsing Isabell ;)




mandag 26. oktober 2009

"Ser eg ut som ein som pleie å gå på fjellet?"

Eg hadde i utgangspunktet tenkt å døype dette innlegget "Ut på tur, aldri sur", men så såg eg at den tittelen brukte eg på eit innlegg i mai. Altså forkasta eg den tanken.

I dag var vi på friluftslivtur igjen. Turen gjekk opp til Krokavatn - og ned igjen. Greia var at vi skulle bruke kart og kompass, men spesielt sistnemnde fekk liggja mykje i fred. Turen var ikkje verdas mest utfordrande, sjølv om eg nok var den som syns det var tyngst... Men i dag var eg i det positive hjørnet, og klaga svært lite til å vere meg^^ Eg var på gruppe med Johanne, Lars Bjarne, Johann og David - ei veldig flott gruppe som eg var stornøgd med! Me song, lo og tok bilete på store delar av turen, og tok det ganske easypeasy :)

Johann sette på sjølvutløysar for å ta bilete av alle... 10 sek var ikkje nok.

Sært? JA

Sjå gutane holle hånnelanken!

Stemning :)

Synnøve the one.

Johan tørkar skoa sine på bålet

Kjempefin tur!!! :)

søndag 25. oktober 2009

[mag] kan brukast til så mangt...

...blant anna å slå i svime det monsteret av ein møll som kom innpå rommet mitt nettopp. Dei som kjenner meg, veit at eg absolutt HATAR møll. Og då dette stygge insektet med eit vingespenn på to meter kom dansande, like grasiøst som Svein Østvik, bortover veggen min, greip eg fatt i det næraste eg hadde å slå med - nemlig [mag].
Fredagskvelden hadde eg same problemet med ei svær fluge som forvilla seg innpå rommet mitt då eg skulle sove. Av ein eller annan grunn har eg litt større medkjensle når det gjeld fluger, og fekk dårleg samvit då eg hadde slått til ho så blodet spruta. Det var etter at eg ikkje hadde gjort jobben skikkeleg første gongen - eg skulle finne kameraet for å ta bilete av den "daude" fluga (nei, eg plar ikkje ta bilete av alle flugene eg drep), og så såg eg at ho hadde bevega seg 10 cm bortover avisa. Dermed vart eg litt hard på handa andre gongen...
Men no legg eg meg til å sove, i morgon er det friluftslivtur (jippii!) Good night, sleeping beauties!

"I fred vil jeg legge meg ned og sove. For du, Herre, bare du lar meg hvile trygt." Salmene 4,9

Slik ser historieboka mi ut:

Julebrus og søndagsmiddag ;)

Den franske revolusjonen - jippi!

Ja, kva var eigentleg riksforsamlinga si oppgåve?

Ved slutten av skuleåret er mest sannsynleg nesten heile boka full i slike post-it-lappar med stikkord og notatar. I know, eg har ein litt spesiell måte å arbeide med stoffet på. Til denne prøven har eg ikkje litt kontroll over pensumet, men ingen skal seie at eg ikkje har lest! Så får det no stå sin...prøve.

lørdag 24. oktober 2009

Ein nydeleg haustdag

Innimellom lesinga til historeprøven som eg skal ha neste veke, fekk eg teke meg ein tur ut i haustsola. Véret var nydeleg! Trur ikkje det kan beskrivast på annan måte enn med bilete (treng vel ikkje leggja til at eg ikkje kan fotografera):

Zico nyt sola

Gamla-eiko

Fotogene straumledningar

Fin, blå himmel!

"Utsikten"

Hugleik på staur

Heilt nydeleg!

Éin stk. fornøyd hund...

...og ei stk fornøyd jenta :)

fredag 23. oktober 2009

Julas innmarsj i butikkane

Eg veit ikkje om eg skal verta oppgjeve eller om eg skal tillata meg sjølv å verta fylt med forventning og glede. Men no har altså både peparkaker og julebrus dukka opp på butikkane inne i Norheimsund. Like ved inngongen står Hansa sin julebrus og freistar alle som berre skal inn for å kjøpe kaffe eller sjampo. Sjølv eg har falt for freistinga å kjøpa figurbakte pepperkaker frå Sætre.
Er det for tidleg å selja slikt no, to månadar før julafta? Dei aller fleste vil nok seie det. Eg er einig, MEN eg er ikkje av dei som ventar til første desember med peparkaker, julebrus og julesongar for den saks skuld. Dette av to grunnar: 1) Eg greier ikkje å ha slike prinsipp. 2) Om det bringer julestemning (som det jo då gjer), vil heller at denne skal kome for tidleg enn for seint. Så det så :)
Såå fin julesong! Som forresten ikkje heiter "Nå er den hellige time"...

onsdag 30. september 2009

Den søtaste personen som går på to bein!

Eller, i desse tilfella, ikkje går på bein i det heile tatt. Det er heilt utruleg korleis Shandell greier å rote seg bort i dei merklegaste ting!
Ho er i allefall ei herleg jente som lyser opp i kvardagen min! :) (Joda, dei andre personane på bileta er flotte, dei óg ;))

tirsdag 22. september 2009

Mi nye forelsking

Når ein bur på vestlandet og har rundt 300 regndagar i året, er det noko fottøy ein ikkje kan unngå å ha på skohylla si. Eg snakkar sjølvsagt om støvlar.

I dag har eg kjøpt meg nye viking-stølvlar. Eg elskar dei - no kidding. Nei, det er absolutt ingeting spesielt med dei, som du ser er dei einsfarga svarte og heilt plaine, men dei er fantastisk praktiske og gode å gå med. No slepp eg å bli våt på beina, få influensa og det som verre er. (SOM om eg greier å unngå det, eg er verdas største sjukling. Somewhere, something went terribly wrong. Immunforsvaret mitt er i alle fall ikkje kva det ein gong var.) MEEN desse støvlane (str. 38, btw, kjøpt på Coop Obs til 499,-) er altså mi(ne) nye forelsking(er). Sorry å måtta skuffa deg som hadde forventa deg noko anna ;) Men vil du ha updates på den fronten, så er det berre til å spørje. Ok, no skal eg gje meg.

mandag 21. september 2009

Tranversal sylinderprojeksjon?

Mange spør meg korleis det går med samfunnsgeografien min. For dei som ikkje har fått det med seg, hoppa eg av, ehm.. valde eg vekk sosialkunnskap til fordel for samfunnsgeografi som privatist. Det går heilt okei! Det er faktisk ganske interessant, i allefall ein del av det. Saka er berre den at når eg les konsentrerer eg meg så sterkt om å forstå det eg les, at eg gløymer at eg skal hugse det også. Fatta? I tillegg er eg litt usikker på om eg kjem gjennom heile boka før eksamen til jul, kjem an på kortid han skal vere. Meeen når eg då er ferdig, får eg masse fri etter jul. Herleg!


Ok, då skal eg lese litt, måtte berre blogge om det først ;) Dødelighet og aldersavhengige dødsrater, here I come!


Masse fine bilete!

søndag 20. september 2009

2 veker igjen!

I dag, dvs i kveld, er det to veker igjen til vi reiser til Tunisia. Heilt SJUKT! Gleder meg vanvittig :) No sit eg åleine på rommet mitt, høyrer på Rudi Myntevik og nyt ein fredleg søndagsmorgon. Søndagsfrukosten smakte som vanleg godt, men det var ikkje mykje eg greidde å få ned. Følte meg framleis mett etter gårsdagen, då Gunhild, Hildegunn, John Terje og eg var på Alpino og åt pizza. Dvs, dei tre andre åt pizza, eg åt marinert biffsnadder med salat og pommes frites. Får du vatn i munnen no? Det var knallgodt! Og ikkje minst veldig koseleg :)

Som du ser, har eg fått ny header igjen. Paint Shop Pro-skillza mine er ikkje til stades, skulle ønske eg visste korleis eg skulle bruke programmet skikkeleg! MEN man tager vad man haver, og bruker det.

No blir det slækkings med favorittfilmen min over alle favorittfilmar og appelsinjuice med isbitar. God søndag folkens!

<3