fredag 22. mai 2009

Reisefeber - bokstavleg talt.

Aldri, ALDRI set deg på ein buss når du er sjuk. Eg gjentek: ALDRI.

I dag skulle eg reise heim til vene, øde Tysnes, med buss som vanleg. Eg var sterkt forkjøla og litt febervarm, men tenkte eg skulle nok overleve ein busstur på eit par timar. Den einaste forskjellen på å befinne seg på ein buss og ein annan stad, var at jo bussen bevega seg, tenkte eg. Det viste seg at det var heile problemet.

Aldri før har eg vore dårleg. Eg snufsa og nøys, kokte innvendig og greide etter kvart å byggje meg opp ein eventyrleg kvalme. Bussturen var eit mareritt - viss ein ser bort frå det vesle faktumet at eg faktisk var våken. På Kilen fekk eg meg frisk luft (takk Gud!) og møtte Joachim som eg ikkje hadde snakka med på lenge. Då steig formen litt :) Men det varte jo så klart ikkje lenge... Då mamma henta meg ved bussen, var eg eit salig vrak. Men heiane mann kor godt det var å kome heim att! Sjølv om det berre er 2 1/2 veke sidan eg var heime sist, kjente eg at eg trengte dette. Skulle ønske eg kunne kome heim akkurat når eg ville, utan å måtte ta buss... Kvifor finst ikkje immivering på ORDENTLIG???

............................"Utsikta" heime. Sjøen hadde ein veldig fin grønfarge i dag =)

Men det å vere sjuk er jo ikkje heilt feil :) Eg har - i motsetnad til mange - ein utmerka appetitt når eg er sjuk, og badar i cola, chips, is, kjeks, moreller og alt mulig anna digg. (Greier sjølvsagt å begrense meg. Lygekors.) No stikk eg tilbake til tv3.no og ser 2. episode av "Mamma søker kjæreste". (Tragiske meg.) Eg har ikkje tal på kor mange episodar av alle moglege seriar eg har sett dei siste dagane! Oi, no fekk eg ei sånn "kor-god-det-er-å-leve-kjensle"! Eg beundrar meg sjølv. Riktig god helg alle saman! :)

onsdag 20. mai 2009

Eg vil vekk. NO.

Eg kan nesten ikkje få sagt kor mykje eg ser fram til å kome vekk frå dette hølet av ein plass som Framheim er (og til Nesheim, ikkje vekk frå Framnes generelt ;)) Eg gledar meg til at folk ikkje skal ha fritt innsyn til rommet mitt lenger. Eg gledar meg til å kome vekk frå bråket utanfor vindauget mitt, at folk trenar hoppetau ute i gangene ved midnatt, og at det driv å går i ytterdøra laaangt etter innetid. (Ofte er tilsyn/låsevakt skuld i dette.) Eg gledar meg til å få eige kjøleskap som folk ikkje kan stele frå. Eg gledar meg til å ha ein normal steikeomn til disposisjon som ikkje svir maten din før halve steiketida er gått. Eg gledar meg til koslege stover der ein ikkje risikerer å få lungebetennelse grunna gjennomtrekk. Eg gledar meg til at alle jentene skal bu på same bygget, og at vi ikkje må gå ei halv mil for å kome til guteinternatet.

Min framtidige sambuar (t.v) og ein random person

Ellers gledar eg meg til russetida, 13 fritimar i veka, billappen, forhåpentligvis ein jobb og Tunisia. Og sist men ikkje minst gledar eg meg til enda eit år med alle dei fantastisk digge folka her på halvøya! Gledar du deg til neste år?

tirsdag 19. mai 2009

17. mai på Framnes...

...er ikkje til å anbefale, med mindre du har ei fantastisk evne til å underhalde deg sjølv på eiga hand. Misforstå meg rett, eg har hatt ei ganske fin helg! Men til og med det omtala togapartyet til Stordalen var nok meir spennande enn det som skjedde denne langhelga.

Dei fleste stakk av på torsdag, men fredagen var det framleis nokre tapre sjeler som var igjen på halvøya. Dagen gjekk med til soling på brygga, jordbæreting og årets første bad for min del. (Flaut.)

16. mai er her i landet ein dag for heftig festing - og Framnes er ikkje noko unntak. Festinga gjekk riktignok føre seg på ein litt annan måte... Heilaftenen starta klokka fire då det var duka for fotballkamp i personalstova der Brann spela mot Start. Det var 5 tilsette og 2 elevar tilstades x) Brann vann riktignok ikkje, men det gjorde ikkje Molde heller, til mi glede og Sverres store fortviling. Seinare på kvelden hadde vi grillparty utandørs, der pølse og hamburger (ny variant: karbonaden skifta ut med løvbiff) stod på menyen. Vi var 13 personar til bords, og hadde det riktig hygglelig! Vi snakka om planane for dagen etter (17. mai), og eg sa eg hadde tenkt til å sitje på rommet og lese til historieprøve. Då såg Håkon, min kjære historelærar, på meg som om eg skulle vore gal. "Du ska vel ikkje det?!" sa han, og tilbød meg skyss (nei, ikkje tilbød - TVANG PÅ MEG) inn til Norheimsund for å feire nasjonaldagen. Lese til historeprøve fekk eg i alle fall ikkje lov til. Kveldens høgdepunkt var sjølvsagt Grand Prix-festen i personalstova. Chips, brus, druer og kakerester etter Kjell Magnes 50 års-dag gjekk raskt unna, medan vi spent fulgte med på alle (dei elendige) bidraga til årets konkurranse. Og du kan tru det var stemning då vi vann! We love Alexander Rybak.

Søndag morgon. Vakna 10.10, og var kjempeirritert over at eg hadde gått glipp av frokosten. Så såg eg at eg hadde fått melding av Kristin, der ho spurde om eg ikkje skulle vere med og joine i toget klokka elleve. Dette var ikkje ein del av planen min, og eg vart SUPERstressa. Men sjølvsagt ville eg vere med! Då var det berre å rive til seg det første og beste ein fann i klesskapet, og kaste seg på scooteren inn til NHS. Litt av eit syn kan eg tenkje meg; kort kjole, skinnjakke og blonde krøller som stakk ut under hjelmen. Dei høge hælane hadde eg heldigvis vet nok til å leggje i veska til eg kom fram. Eg var tru det eller ei framme i god tid, og møtte Kristin, Lene, Oda og ei anna jente hvis namn er ukjend. Vi gjekk til Toloheimen og så opp til skulen. Eg har no funne ut at eg ikkje er egna til å gå i høge hælar - i alle fall er ikkje utkommet spesielt bra. Eg har framleis gnagsår og vice versa. I idrettshallen underhaldt skuleborna med vakker song, og vi fekk høyre 17. mai-tale. (For detaljar om talen, ta kontakt personleg. Det er til anbefaling.) Svolten som eg var (hadde jo ikkje ete frukost), sendte eg melding til tilsyn om kortid det var middag. “Halv to, men du kan få den seinare om du vil, det er sånn middag du varmar sjølv i mikro," var svaret eg fekk (nemnt i forrige innlegg.) "Hæ?" tenkte eg, og var sikker på at det var tull. Det var jo 17. mai (og søndag!), og vi måtte jo få skikkelig middag! Men då eg kom tilbake skjøna eg fort at det ikkje var ein spøk. Der stod Sverre klar og delte ut Biff Stroganoff, klar til å puttast i mikrobølgeomnen. Med mykje salt og grillkrydder gjekk det greit ned. Kor mange vi var til middag? 6 stk. :) Til kvelds var det take-away grandis på skulen si rekning, ikkje heilt feil det ;D

Norheimsund-russen. Legg merke til vår kjære Jostein nede i midten ;)

Høhø.

Det vart til at eg leste til historieprøven i går (måndag) i staden for. I tillegg skreiv eg ein laaaaang e-post (på tysk!) til Susanna for å få skrivetrening til eksamen, så eg la meg med relativ god samvit i går kveld! Vel, då eg først la meg... Gjekk nemlig tur med Maria, og kom tilbake litt seinare enn tenkt. Tilsyn var i allefall glad for å sjå oss :)

No greidde eg forresten akkurat tøme vannflaska mi ut over pc-tastaturet. Et eller anna tyder på at eg bør ta kvelden. God natt!

søndag 17. mai 2009

Kan du sove uten dyne?

Vanligvis gidd eg ikkje å legge ut sånne random spørsmål og svar, men kan no gjere det medan vi ventar på ei heidundrandes helge-oppdatering på tysdag.

Kan du sove uten dyne? Nei, det blir vanskelig. Har du og bestevennene dine noen tradisjoner? Neii.. trur ikkje det. Vil ditt neste kyss være en feil? Vel, håpar ikkje det... Tror du ekskjærester kan være venner? Ja, absolutt! Hva var det første du tenkte da du våknet i dag tidlig? "Søren, frokosten er ferdig." Hva plager deg mest? Guttehumor! Noe som plager deg akkurat nå? Nææh.. Loneliness. Hva er din sivilstatus? Singel Er du fornøyd med det? Nja. Tror du på evig kjærlighet? Ja, faktisk! Har foreldrene dine facebook/nettby? Nei, takk Gud for det! Når var sist noen ringte deg? 17:49 på torsdag.

Hvis du kunne drikke kun en ting resten av livet, hva ville det vært? Burde ha svara vatn, men cola freistar meir. Ville du datet en fra en annen by? Då måtte eg eventuelt budd i en by sjølv ;) Liker du kosing? Jadda, kjør på Når var sist du ville dra til en person? No! Hva var det siste du gråt for? Vel, det hadde noko med prioriteringar av vener å gjere. Har du noen gang mottatt en veldig lang unnskyldning? Ikkje som eg kan hugse... Hva innså du i dag? At eg ikkje kan gå i høge hælar. Navngi tre personer som fikk deg til å smile i dag? Bjørn Magne, Martin og Sverre. Hva gjorde du 07.45 i dag tidlig? Sov. Hva skal du gjøre i morgen? Lese til historeprøve, ha kjøretime :) Har du ketchup på pommes frites? Ja, immer! Hvor er du om en time? Nede på hovedbygget til kaffimat? Tror du på karma? Karma? Har du grått i dag? Nei. Hva hører du på? AQUA atm x) Hvem var den siste jenta du pratet med online? Kristin<3>Hvem var den siste gutten du pratet med online? Samson. Hvem var den siste personen som ringte deg? Tone Marit =) Hvem skal du være med på lørdag? Mamma og pappa^^ Har du planer om å flytte i nærmeste framtid? Niks :)

Hva står det i den siste meldingen du fikk? “Halv to, men du kan få den seinare om du vil, det er sånn middag du varmar sjølv i mikro" Siste filmen du så på kino? Leg dich nicht mit Zohan an. Hvor er din bestevenn akkurat nå? 17. mai-feiring? Hvem andre er i rommet med deg akkurat nå? Er aleine. Kven andre som er på internatet med deg? Er aleina. Haha. Hva var det siste du gjorde før du gikk å la deg i går? Huskar lite av kvelden i går :S Hvilken hårfarge liker du best? Blond. Hvordan er håret ditt i dag? Krølla! Lykkelig? Ikkje alltid, men jamnt over - ja :)

Som sagt kjem det ei oppdatering av helga her på Framnes på tysdag :) Håpar alle har ei flott 17. mai-feiring!

Gamalt bilete frå 17. mai 2003. Eg er i midten i rosa jakke. Stemning!

fredag 15. mai 2009

Grand Prix-feber og 17. mai

[Innlegget er førehandsskrive] I skrivande stund nærmar klokka seg 02:00, og nettverket blei, trass i at vi har fri i morgon, teken for over to timar sidan. Anne-Gunn og eg sat på rommet mitt og såg den spennande finalen av Paradise Hotel, då internett brått tok kvelden. Just our luck! Vel vel. Tidlegare sat vi ein gjeng på stova og såg semifinale #2 i Eurovision Song Contest. Det viste seg å bli veldig spennande, sidan vår kjære Alexander kom vidare som nummer 9 av 10. Og då var stemninga på topp! På laurdag er det finale, og eg gleder meg BIG TIME! Planen for helga ellers er å slække på brygga, trene, lese til historieprøve og arbeide med norskfordjuping. I tillegg skal eg lese masse, teikne, synge/spele piano og øve dans! Heiane, dette blir ei knall helg :D

søndag 10. mai 2009

Kva kan ein gjere på ein kjedelig søndagskveld?

Nøørde elevguiden vel! Personleg har eg vel ikkje det største behovet, eg kan stort sett dei fleste navna på skulen. Forrige juleferie pugga eg bursdagane til alle i klassen. Kall meg gjerne weird om du vil.

fredag 8. mai 2009

Konsekvensar av friluftstur

Nei, då snakkar eg ikkje om støl rygg, vonde skuldre, eller andre fysiske påkjenningar (sjølv om dette óg er tilfelle). Den verste konsekvensen er denne:Dei som kjenner meg veit at eg er ein nokså ryddig person (nesten perfeksjonist), men til og med eg har mine dårlege dagar. Og slik ser det altså ut etter ein friluftstur i skogen. Når det gjeld den turen, så har eg ikkje så mykje positivt å seie, men på ei anna side har eg ikkje så veldig mykje negativt på hjarta heller :) Sjølv om trivselen og kjensla av behagelegheit gjekk litt opp og ned, var humøret på topp (stort sett) heile tida! Mi personlege turoppfatning:
1: Vi starta turen med relativt godt mot!
2: Men så gjekk det bratt oppover. Veldig bratt...
3: Etter ei lang stund kom vi endeleg fram!
4: Men det blåste og regna då vi skulle setje opp lavoen...
5: Alt vart betre då vi fekk på oss varme og tørre klede
6: Så hadde vi leikar og bålkos som hjalp ytterlegare
7: Men så skulle vi leggje oss, og det vart ei iskald natt...
8: Eg stod opp halvannan time før dei andre (ca 05:30) og koste meg skikkelig aleine ute i Guds frie natur, med tankar og solstråler som trengte seg gjennom skylaget og kasta lys over Hardangerfjorden.
9: Nedover gjekk vi ein annan vei som var enda brattare...
10: Men så kom vi tilbake til Framnes, og dusjen - den var ledig :D

Håper dei fleste har kost seg på turen! :)
De er ein fantastisk gjeng!<3

onsdag 6. mai 2009

Ut på tur, aldri sur!

I dag føler eg meg mykje betre. Reiste heime ifrå klokka 07:30 (gjesp!), og kom til bystasjonen 09:30. Her måtte eg vente heile to timar, og eg hadde førebudd meg på å kjede livet av meg, så utålmodig og rastlaus som eg er. Men eg storkosa meg! Eg møtte koselege eldre damer, kjøpte meg bigbite og kakao, leste bok og kikka i butikkar. I det heile tatt veldig avslappande og kjekt! Deretter bar det tilbake til kjære Framnes. Vèrgudane (beklagar fleirtalsforma) har forresten verkeleg hatt humørsvingingar i dag. Heime hagla det gammalmann, i Bergen skein sola, og i Norheimsund regna det. Men eg har funne ut at eg faktisk er veldig glad i regn! Det er forfriskande, reint og... vått. Var ein tur til Norheimsund i stad, og kjøpte litt unødvendigheitar til turen i morgon, som eg by the way nesten (men berre nesten) har begynt å glede meg til. Får jo berre ta å gjere det beste ut av det - eller kva? Det er jo uansett ein fantastisk gjeng som skal på tur saman, så eg skal jammen ikkje klage :)

tirsdag 5. mai 2009

Stemningsrapport frå Epland

No er eg sliten, lei og vil berre legga meg og sova. Tidlegare i dag var eg veldig happy (etter mattetentamen var ferdig - er det rart?), men etter kvart som eg kom heim vart eg forferdeleg daff. For det første greidde eg å kvela motoren på bilen 4-5 gongar midt i ein sving i ein oppoverbakke, fordi eg hadde han i 3 gir i staden for 1. Var ikkje kjekt. I tillegg har eg begynt å tenkja på pakking til ("friluftsliv")turen på torsdag, og eg har jo så og seie ingenting av klede og utstyr som er nødvendig. I morgon må eg opp klokka kvart på 7 fordi eg skal reise tidleg tilbake til Framnes, viss ein ser bort frå det faktumet at eg ikkje kjem tilbake tidleg pga DÅRLEGE BUSSFORBINDELSAR! I tillegg er det masse andre ting som gjer at eg ikkje føler meg som ein særleg humørspreiar for augneblinken. MEN no skal eg drikka (vatn.), proppa i meg frukt og lesa ei god bok som eg har fått låna av Maria/sjå Sannhetens øyeblikk, og seinare skal eg eta varmt kvitlauksbrød og sjå Paradise Hotel. Får satse på at det hjelp. Beklagar lite oppmuntrande innlegg :) Håper de har det bra!

Gledesspreiarar!

mandag 4. mai 2009

Definisjonen av forelskelse

No er det tid for å vere litt personleg her. Då eg var på tur i skogen i duskregnet i dag, kom eg til å tenkje på ein ting. For ei stund tilbake hadde eg ein samtale med ei vennine. Ho spurde meg om eg var forelska, og eg svara at eg ikkje var sikker. Då påstod ho at eg ikkje var det, for etter hennar meining måtte ein kjenne personen ganske godt og det måtte vere noko på gang frå begge si side, før ein kunne kalle det forelskelse. I så fall har eg aldri vore forelska. Men mi meining har alltid vore at forelskelse er ei kjensle, og ikkje eit forhold eller ein relasjon du har til ein person. Kva meiner du?

Prioriteringar

No sit eg på rommet mitt og prøver å lese til mattetentamen, slik som mange andre denne dagen. Det går relativt dårleg, for å seie det mildt. Alt eg har lyst til å skru volumet på pc'en på fullt, og hoppe og danse rundt i rommet til gospelmusikk, Hannah Montana og S Club 7! Dansing gir ei fantastisk kjensle av lykke :D Og det gjer ikkje matte for å seie det slik... Så - dans eller arbeid?

lørdag 2. mai 2009

"Blogg skal informera elle rett og slett la vera"

Ofte vert innlegga mine heilt utan mål og meining. Nokre gongar kan dei kanskje ha eit snev av interessant innhald eller fornuft. Men det går sjeldan lenger enn det. Eg greier på inga måte å skrive ned reflekterte tankar om Gud, Bibelen, politikk, samfunn eller menneskeverd. Eg beundrar dei som faktisk tek seg tid til dette, og lagar velformulerte og oppegåande bloggar, medan eg sit her og produserer noko fjas når det sjølv passar meg. Utan samtykje frå eigarane, vil eg gjerne anbefale nokre bloggar: http://vegardberland.blogspot.com/, http://kristneverdiar.blogspot.com/ og http://lenaks.blogspot.com/. Etter mi meining er desse verdt å ta ein tur innom - interessante og informerande bloggar!

Saturday morning

No bloggar eg frå sengekanten. Har nettopp våkna, med vondt i magen og veldig tunge øyelokk etter "berre" 7 timars søvn. Sat aaalt for lenge og fiksa på bloggane (denne og den på wordpress.com), hovedsakelig headerane (som eg forøvrig kun blei passe fornøyd med) I dag skal pappa og eg til Stord for å finne nye briller til han. Det blir spaß! Medan vi snakkar om briller, må eg seie at eg er nokså fornøyd med mine egne. No berre lurar eg på om eg skal bruke briller på oppkøyring eller ikkje..

Håret mitt ser insane gult ut her

Fjortisfaktar

Eg greier som kjent aldri å ha den same layouten i meir enn to månadar. No har eg fiksa han igjen! Begrunninga bak den nye (og teite) bloggtittelen min er rett og slett at eg har byrja å seie det HEILE tida. "Sånn heilt seriøøst liksom". Eg var aldri i den verste fjortisalderen, men kven veit - kanskje det er først no fjortissyndromet vel å kaste seg innover meg? Håper verkeleg ikkje det.

Fjortis.