tirsdag 19. mai 2009

17. mai på Framnes...

...er ikkje til å anbefale, med mindre du har ei fantastisk evne til å underhalde deg sjølv på eiga hand. Misforstå meg rett, eg har hatt ei ganske fin helg! Men til og med det omtala togapartyet til Stordalen var nok meir spennande enn det som skjedde denne langhelga.

Dei fleste stakk av på torsdag, men fredagen var det framleis nokre tapre sjeler som var igjen på halvøya. Dagen gjekk med til soling på brygga, jordbæreting og årets første bad for min del. (Flaut.)

16. mai er her i landet ein dag for heftig festing - og Framnes er ikkje noko unntak. Festinga gjekk riktignok føre seg på ein litt annan måte... Heilaftenen starta klokka fire då det var duka for fotballkamp i personalstova der Brann spela mot Start. Det var 5 tilsette og 2 elevar tilstades x) Brann vann riktignok ikkje, men det gjorde ikkje Molde heller, til mi glede og Sverres store fortviling. Seinare på kvelden hadde vi grillparty utandørs, der pølse og hamburger (ny variant: karbonaden skifta ut med løvbiff) stod på menyen. Vi var 13 personar til bords, og hadde det riktig hygglelig! Vi snakka om planane for dagen etter (17. mai), og eg sa eg hadde tenkt til å sitje på rommet og lese til historieprøve. Då såg Håkon, min kjære historelærar, på meg som om eg skulle vore gal. "Du ska vel ikkje det?!" sa han, og tilbød meg skyss (nei, ikkje tilbød - TVANG PÅ MEG) inn til Norheimsund for å feire nasjonaldagen. Lese til historeprøve fekk eg i alle fall ikkje lov til. Kveldens høgdepunkt var sjølvsagt Grand Prix-festen i personalstova. Chips, brus, druer og kakerester etter Kjell Magnes 50 års-dag gjekk raskt unna, medan vi spent fulgte med på alle (dei elendige) bidraga til årets konkurranse. Og du kan tru det var stemning då vi vann! We love Alexander Rybak.

Søndag morgon. Vakna 10.10, og var kjempeirritert over at eg hadde gått glipp av frokosten. Så såg eg at eg hadde fått melding av Kristin, der ho spurde om eg ikkje skulle vere med og joine i toget klokka elleve. Dette var ikkje ein del av planen min, og eg vart SUPERstressa. Men sjølvsagt ville eg vere med! Då var det berre å rive til seg det første og beste ein fann i klesskapet, og kaste seg på scooteren inn til NHS. Litt av eit syn kan eg tenkje meg; kort kjole, skinnjakke og blonde krøller som stakk ut under hjelmen. Dei høge hælane hadde eg heldigvis vet nok til å leggje i veska til eg kom fram. Eg var tru det eller ei framme i god tid, og møtte Kristin, Lene, Oda og ei anna jente hvis namn er ukjend. Vi gjekk til Toloheimen og så opp til skulen. Eg har no funne ut at eg ikkje er egna til å gå i høge hælar - i alle fall er ikkje utkommet spesielt bra. Eg har framleis gnagsår og vice versa. I idrettshallen underhaldt skuleborna med vakker song, og vi fekk høyre 17. mai-tale. (For detaljar om talen, ta kontakt personleg. Det er til anbefaling.) Svolten som eg var (hadde jo ikkje ete frukost), sendte eg melding til tilsyn om kortid det var middag. “Halv to, men du kan få den seinare om du vil, det er sånn middag du varmar sjølv i mikro," var svaret eg fekk (nemnt i forrige innlegg.) "Hæ?" tenkte eg, og var sikker på at det var tull. Det var jo 17. mai (og søndag!), og vi måtte jo få skikkelig middag! Men då eg kom tilbake skjøna eg fort at det ikkje var ein spøk. Der stod Sverre klar og delte ut Biff Stroganoff, klar til å puttast i mikrobølgeomnen. Med mykje salt og grillkrydder gjekk det greit ned. Kor mange vi var til middag? 6 stk. :) Til kvelds var det take-away grandis på skulen si rekning, ikkje heilt feil det ;D

Norheimsund-russen. Legg merke til vår kjære Jostein nede i midten ;)

Høhø.

Det vart til at eg leste til historieprøven i går (måndag) i staden for. I tillegg skreiv eg ein laaaaang e-post (på tysk!) til Susanna for å få skrivetrening til eksamen, så eg la meg med relativ god samvit i går kveld! Vel, då eg først la meg... Gjekk nemlig tur med Maria, og kom tilbake litt seinare enn tenkt. Tilsyn var i allefall glad for å sjå oss :)

No greidde eg forresten akkurat tøme vannflaska mi ut over pc-tastaturet. Et eller anna tyder på at eg bør ta kvelden. God natt!

Ingen kommentarer: