lørdag 14. mars 2009

Livsteikn

Tru det eller ei - eg lever faktisk enno. Seksten dagar er gått sidan mitt forrige blogginnlegg, og litt av kvart har skjedd på den tida! Først og fremst har eg vore på ein amazing turné til Hamar-området med Norheimsund og Øystese Ungdomskor. Mange flotte konsertar, kalde minusgrader, morosame talentiadeinnslag, meter med snø, hyggelege måneskinnsturar og ikkje minst FANTASTISKE folk gjorde turen minneverdig og meir enn det. Før turnéen hadde eg bestemt meg for å slutte i koret, men etter at vi returnerte til Vestlandet, hadde eg skifta meining. Korleis kan eg forlate ein så flott gjeng? =)

Men så var vinterferien slutt, og eg hadde ikkje noko anna val enn å setje kursen innover fjorden igjen. Der vart eg, som alle andre, møtt av ein stressande kvardag med prøvar, innleveringar og lærarar som openbart kunne tenkt seg litt lenger ferie, dei óg.

Sjølv om skulearbeidet kan verke uoverkommeleg for tida, ber eg alle tapre sjeler der ute om å halde ut - det er jo trass alt knappe 3 veker til påskeferie ;D