torsdag 26. februar 2009

Framnesbasar på Fitjar

I går var det atter ein gong tid for å sende Framneselevar ut på tokt i vårt vide, langstrakte land. Denne gongen gjekk turen til bedehuset på Fitjar, der den årlege Framnesbasaren vart arrangert. Etter lunsj var vi ein fin gjeng på 13 stykker(for å vere meir presis: Arne, Byrknes, Elisabet, Svanhild, Vigdís, Torgeir, Synnøve, Marianne, Debora, Ingar, Ole Magnus, Morten og meg) som samlast nede i hallen for å reise av garde. Grunnen til at vi skulle reise så tidleg, var at basaren/møtet skulle begynne klokka 17.00. Trudde vi. Informasjonen på ”Fitjarposten” var nemleg feil, og det heile skulle ikkje begynne før klokka 19.oo. Uflaks? Neida :) Sidan vi allereie hadde fått fri frå timane, kasta vi oss inn i minibussen, og sette kursen mot Bergen, og Peppes Pizza.


Etter ein fem-seks herlege pizza, og ein liten shoppingrunde(…), suste vi avgarde mot Fitjar. På vegen viste ein entusiastisk Synnøve oss alt mogleg på heimstaden sin. (”Der bur eg, der jobba eg i sommar, her heiter det Årskog, der er hotellet, der er…”) Vel framme vart vi møtte av hyggelige fjes (eldre på bedehuset som ønska oss velkommen) og litt mindre hyggelige fjes (ungdommar på butikken som lurte på kva vi skulle, og himla med auga då vi svara at vi skulle på møte på bedehuset).


Første delen av møtet hadde vi ansvar for. Synnøve leia det heile, Svanhild og Vigdís var forsangarar (med Morten bak pianoet), Arne hadde andakt, og Thomas fortalde om misjonsprosjektet vårt. Deretter var det ein matbit å få (noko som betydde kveldsmat for oss), før det var klart for basar-delen. Folk kjøpte årar som gale! Om det var fordi vi som selde var så kjekke og sjarmerande, veit ikkje eg. Mellom dei to omgangane var gamle framneselevar (det var ganske mange av dei!) oppe og song Framnessongen. Det var utrulig flott å høyre på! Rett etter vi hadde seld årar for andre gong, takka Arne for oss (vi måtte jo nå halv ti-ferja), og vi gjekk ut.


Men… ferja gjekk jo ikkje halv ti, men ti! Litt småflaue labba vi inn igjen og hjelpte til med å dele ut dei siste gevinstane. Det var óg ein siste sjanse til å ta lodd på boka, og den kunne eg jo ikkje la gå fra meg! Og trur du ikkje eg vann ei konfekteske? =) Vann forresten også ein 6-pakning med glas på årar – veldig praktisk, så treng eg ikkje vaske opp så ofte…

Vi nådde fint 22.00-ferja, og der vart det underhaldning på høgt nivå kan du tru! Arne utfordra Thomas til å reise seg oppe i salongen, be om alles oppmerksomhet og fortelje ein vits. Gjorde han dette skulle han få ei cola-flaske. Men sjølvsagt – Byrknes utsette det og utsette det, og tilslutt var det nesten ingen igjen der oppe. Då sa vi at han kunne sei det til eit par forbipasserande jenter. Og det gjorde han. ”Det er bedre å drite seg ut enn å dø av forstoppelse.” Kunne han sagt noko meir passande? Det var kanonløye. Han hausta til og med applaus hos offera.


Bussturen tilbake til Framnes gjekk i soving, synging av lidenskaplege kjærleiksongar og råkøyring i… vel… godt over fartsgrensa. Stemninga var heller laber då Arne skulle tulle med oss, og late som om vi hadde fått motorstopp midt i intet. EG skjønte jo at han berre tulla, så klart.

Vel heime (klokka 00.10) var alle dau-trøytte, men samde om at det hadde vore ein flott og hyggelig tur. Og attpåtil vart det samla inn 24000 kroner til Framnes. Utruleg bra! Tusen takk til alle som vart med!

tirsdag 24. februar 2009

Store barn - små gleder

Denne veka har vi fått nye, lydtette dører i gangen. Aldri trur eg nokon har vore så glad for å få seg ei ny dør. Spesielt Linn var overbegeistra. No går dørene våre utover, ein fordel for frøken Røen, som kan ha alle kleda sine i ein haug innanfor og likevel få opp døra :)


Det midlertidige dørskilitet mitt ;)

Spøkelse?

Eg trur det spøkar på rommet mitt. Hin dagen hadde nokon (eller noko) slått av varmeomnen min så det var iskalt på rommet mitt. I tillegg var støpselet til cd-spelaren min drege ut av kontakten. Og den siste tida har klokka på nattlampen min fleire gongar stilt seg 5 minutt tilbake - og sjølv om eg stiller den riktig går den alltid tilbake og viser 5 minutt feil. Kom forresten akkurat på at på iTunes ligg det seks episodar av Åndenes Makt som eg ikkje har sett enno :D

søndag 22. februar 2009

onsdag 18. februar 2009

Støvbilete

Her er nokre estetiske og smakfulle bilete frå boka Støv (Ei bok om Henrik Wergeland) som alle andreklassingar i Noregs land får som følgjer av Wergeland-året 2008. Eg har endo ikkje lest noko av henne, men bileta freistar meg heller ikkje til å byrje... Det var ikkje utan grunn at 24 medelevar sat med meir eller mindre hakeslepp i norsktimen i dag.





søndag 15. februar 2009

Valentinsdag...

...synes eg er noko tull. Does anybody agree?

tirsdag 10. februar 2009

Støvsugarar

Støvsugarar er rare dyr, i allefall dei her på Framheim B. Den eine sug ikkje i det heile tatt, og den andre skulle ein tru var ei tidsinstilt bombe, etter lyden å døme. No sit eg på rommet mitt og høyrer Victoria ute i gangen, i full gang med å støvsuge golvteppet sitt. I dag høyrest det ut som om den stakkars støvsugaren har fått astma...

Tenk å hatt slik ein fancy støvsugar...


lørdag 7. februar 2009

Fengselsbesøk

I går var sosiologiklassen på besøk i Bergen Fengsel, her kjem eit kort referat for dei som ikkje var med på turen :)

Vi reiste frå Framnes klokka halv åtte, så det var rart å sjå b-menneska (skal ikkje nemne namn) til frokost kl 07.15 istadenfor sju minutt før skuleklokka ringte. Dei fleste var i godt humør, og med Arne som minibussjåfør til Norheimsund, gjekk det fort i svingane!

I Åsane minna vi meir om turistar på tur då vi skulle finne bussen som gjekk til Nyborg. Då vi kom til fengselet, var dei umiddelbare reaksjonane at det likna på ein barnehage, med den vesentlige forskjellen at området var omgitt av ein sju meter høg fengselsmur. Inne vart vi fratekne mobilar, iPodar, vesker og sekkar, men klea våre skjekka dei ikkje, så eg kunne lett hatt med meg eksplosivar inn og sprengt heile fengselet i lufta :)

Vi fekk omvisning i fengselet, der vi fekk sjå blant anna besøksrom, sikringsceller og vanlege celler (Sistnemnde var forresten mistenkeleg like romma på Fjordheim...) Deretter skulle vi få møte to insatte i fengselskapellet.
Eg trur fleire av oss hadde sett føre seg at vi skulle få treffe nokre småkriminelle, så difor var det mange som fekk seg ein støkk då den yngste av mennene reiste seg, presenterte seg og sa: "Jeg sitter inne for drap." Han andre var dømt for å ha smugla noko hinsides med narkotika. Vi var sat lenge i kapellet og stilte spørsmål (som dei var veldig flinke til å svare på), før vi måtte avslutte.

På veg frå fengselet og bort igjen til busstoppet oppdaga vi noko sørgjeleg: Det var enno 20 minutt til bussen skulle gå derifrå, og vi stod ute i mangefoldige minusgradar. Kva skulle vi gjere då?
Vel; ein fordel med å vere Framneselev er at vi nokså frimodige(...), så for å bli varme sette vi like godt i gang med ringleikar av ulike slag. "Bananas of the world", "Here they come on their ponies" og Ha-leiken var berre noko av det vi fann på medan travle bilar suste forbi både i den eine og den andre retninga. No var det riktig nok ikkje alle som turde å bli med, det var merkeleg nok berre halvparten av oss som var gira på å få igjen litt kroppsvarme. Resten av elevflokken stod anten tett pressa saman inni busskuret (som om det var varmare der?), eller i ei klynge fem meter borte frå oss, som for å signalisere til forbipasserande at dei ikkje hadde noko med oss å gjere.

Dagen vart avslutta med at gutane reiste tilbake til Framnes, medan jentene blei att i by'n for å bruke pengar dei ikkje hadde - og alle var samde om at det hadde vore ein flott og lærerik dag :)




torsdag 5. februar 2009

Krafttak mot kreft

Eg må innrømme at eg i bunn og grunn er ein lite samfunns(politisk)engasjert person. Eg har namnet mitt ståande i KrfU sine register, men utover det har eg lite engasjement i partiet.

Noko eg derimot engasjerer meg i, er Kreftforeningen sitt arbeid. Kvart oppdagast det 24000 nye tilfelle av kreft i Noreg. 1 av 3 nordmenn får kreft i løpet av livet, og nesten alle familiar i landet vert pårørde av sjukdommen. Men ved hjelp av forskning på nye behandlingsmetodar, har talet på overlevande etter ein kreftsjukdom gått opp. Kreftforeningen er Norges største bidragsytar til kreftforskninga, og bevligar rundt 120 millioner kroner årleg til dette formålet.

Kvart år har Kreftforeningen ein aksjon med navnet "Krafttak mot kreft". Gjennom innsamlingsaksjonen i fjor vart det sett søkjelys på utfordringane ungdom med kreft møter. Pengane gjekk blant anna til å betre forholda til ungdom på sjukehus, og til forsking på langtidsfølgjer.
Innsamlingsaksjonen i år tek for seg eldre med kreft. I dag er 6 av 10 kreftpasientar over 65 år, likevel er kreftbehandlinga utvikla for yngre menneske. Pengar som vert samla inn, vil gå til forsking som kan gi oss ny kunnskap om eldre.

Årets aksjon her i Hordaland vil føregå i veke 11. Har du lyst til å vere bøsseberar, besøk denne linken: http://www.krafttakmotkreft.no/bli.php .. Når aksjonen nærmar seg, vil du får nærare informasjon hos dei ansvarlege i ditt lokalområde. (I fjor var det russen ved Øystese Gymnas som hadde ansvaret for desse Hardanger-trakter, lurer på om det kanskje er slik i år også...) Å gå med bøsse tek berre eit par timar av ditt eige liv - men kan bidra til å gi mange år til eitt anna.