fredag 20. november 2009
NY BLOGG!!!
mandag 26. oktober 2009
"Ser eg ut som ein som pleie å gå på fjellet?"






søndag 25. oktober 2009
[mag] kan brukast til så mangt...


Slik ser historieboka mi ut:



lørdag 24. oktober 2009
Ein nydeleg haustdag









fredag 23. oktober 2009
Julas innmarsj i butikkane


onsdag 30. september 2009
Den søtaste personen som går på to bein!
tirsdag 22. september 2009
Mi nye forelsking

mandag 21. september 2009
Tranversal sylinderprojeksjon?

søndag 20. september 2009
2 veker igjen!

lørdag 19. september 2009
Tenk om

fredag 14. august 2009
jeg vil ha en liten... baby
førehandsstemming!

Vårt kjære rådhus der vallokala finn stad (Biletet er henta frå tysnes.kommune.no)
No har eg nettopp laga ostekake som skal i kaféen på opningsdagen på laurdag. Eg hadde heilt gløymt heile kaka eg, hadde det ikkje vore for at Hallvard, vår kjære misjonsprosjektleiar, sende ut påminningsmelding i går. No gler eg meg kjempemykje til å kome tilbake til Framnes og sjå folk igjen. Og ikkje minst sjå kor eg skal bu på Nesheim :) Om to timar reiser eg!
torsdag 13. august 2009
pakke i posten... igjen
onsdag 12. august 2009
verdens beste
complicated
frøken fail
tirsdag 11. august 2009
sommaren är kort, de mesta regnar bort
torsdag 25. juni 2009
Du veit det er sommar...

søndag 21. juni 2009
17 igjen

lørdag 13. juni 2009
fredag 22. mai 2009
Reisefeber - bokstavleg talt.
I dag skulle eg reise heim til vene, øde Tysnes, med buss som vanleg. Eg var sterkt forkjøla og litt febervarm, men tenkte eg skulle nok overleve ein busstur på eit par timar. Den einaste forskjellen på å befinne seg på ein buss og ein annan stad, var at jo bussen bevega seg, tenkte eg. Det viste seg at det var heile problemet.
Aldri før har eg vore så dårleg. Eg snufsa og nøys, kokte innvendig og greide etter kvart å byggje meg opp ein eventyrleg kvalme. Bussturen var eit mareritt - viss ein ser bort frå det vesle faktumet at eg faktisk var våken. På Kilen fekk eg meg frisk luft (takk Gud!) og møtte Joachim som eg ikkje hadde snakka med på lenge. Då steig formen litt :) Men det varte jo så klart ikkje lenge... Då mamma henta meg ved bussen, var eg eit salig vrak. Men heiane mann kor godt det var å kome heim att! Sjølv om det berre er 2 1/2 veke sidan eg var heime sist, kjente eg at eg trengte dette. Skulle ønske eg kunne kome heim akkurat når eg ville, utan å måtte ta buss... Kvifor finst ikkje immivering på ORDENTLIG???
............................"Utsikta" heime. Sjøen hadde ein veldig fin grønfarge i dag =)
Men det å vere sjuk er jo ikkje heilt feil :) Eg har - i motsetnad til mange - ein utmerka appetitt når eg er sjuk, og badar i cola, chips, is, kjeks, moreller og alt mulig anna digg. (Greier sjølvsagt å begrense meg. Lygekors.) No stikk eg tilbake til tv3.no og ser 2. episode av "Mamma søker kjæreste". (Tragiske meg.) Eg har ikkje tal på kor mange episodar av alle moglege seriar eg har sett dei siste dagane! Oi, no fekk eg ei sånn "kor-god-det-er-å-leve-kjensle"! Eg beundrar meg sjølv. Riktig god helg alle saman! :)
onsdag 20. mai 2009
Eg vil vekk. NO.
Min framtidige sambuar (t.v) og ein random person
Ellers gledar eg meg til russetida, 13 fritimar i veka, billappen, forhåpentligvis ein jobb og Tunisia. Og sist men ikkje minst gledar eg meg til enda eit år med alle dei fantastisk digge folka her på halvøya! Gledar du deg til neste år?
tirsdag 19. mai 2009
17. mai på Framnes...
Dei fleste stakk av på torsdag, men fredagen var det framleis nokre tapre sjeler som var igjen på halvøya. Dagen gjekk med til soling på brygga, jordbæreting og årets første bad for min del. (Flaut.)
16. mai er her i landet ein dag for heftig festing - og Framnes er ikkje noko unntak. Festinga gjekk riktignok føre seg på ein litt annan måte... Heilaftenen starta klokka fire då det var duka for fotballkamp i personalstova der Brann spela mot Start. Det var 5 tilsette og 2 elevar tilstades x) Brann vann riktignok ikkje, men det gjorde ikkje Molde heller, til mi glede og Sverres store fortviling. Seinare på kvelden hadde vi grillparty utandørs, der pølse og hamburger (ny variant: karbonaden skifta ut med løvbiff) stod på menyen. Vi var 13 personar til bords, og hadde det riktig hygglelig! Vi snakka om planane for dagen etter (17. mai), og eg sa eg hadde tenkt til å sitje på rommet og lese til historieprøve. Då såg Håkon, min kjære historelærar, på meg som om eg skulle vore gal. "Du ska vel ikkje det?!" sa han, og tilbød meg skyss (nei, ikkje tilbød - TVANG PÅ MEG) inn til Norheimsund for å feire nasjonaldagen. Lese til historeprøve fekk eg i alle fall ikkje lov til. Kveldens høgdepunkt var sjølvsagt Grand Prix-festen i personalstova. Chips, brus, druer og kakerester etter Kjell Magnes 50 års-dag gjekk raskt unna, medan vi spent fulgte med på alle (dei elendige) bidraga til årets konkurranse. Og du kan tru det var stemning då vi vann! We love Alexander Rybak.
Søndag morgon. Vakna 10.10, og var kjempeirritert over at eg hadde gått glipp av frokosten. Så såg eg at eg hadde fått melding av Kristin, der ho spurde om eg ikkje skulle vere med og joine i toget klokka elleve. Dette var ikkje ein del av planen min, og eg vart SUPERstressa. Men sjølvsagt ville eg vere med! Då var det berre å rive til seg det første og beste ein fann i klesskapet, og kaste seg på scooteren inn til NHS. Litt av eit syn kan eg tenkje meg; kort kjole, skinnjakke og blonde krøller som stakk ut under hjelmen. Dei høge hælane hadde eg heldigvis vet nok til å leggje i veska til eg kom fram. Eg var tru det eller ei framme i god tid, og møtte Kristin, Lene, Oda og ei anna jente hvis namn er ukjend. Vi gjekk til Toloheimen og så opp til skulen. Eg har no funne ut at eg ikkje er egna til å gå i høge hælar - i alle fall er ikkje utkommet spesielt bra. Eg har framleis gnagsår og vice versa. I idrettshallen underhaldt skuleborna med vakker song, og vi fekk høyre 17. mai-tale. (For detaljar om talen, ta kontakt personleg. Det er til anbefaling.) Svolten som eg var (hadde jo ikkje ete frukost), sendte eg melding til tilsyn om kortid det var middag. “Halv to, men du kan få den seinare om du vil, det er sånn middag du varmar sjølv i mikro," var svaret eg fekk (nemnt i forrige innlegg.) "Hæ?" tenkte eg, og var sikker på at det var tull. Det var jo 17. mai (og søndag!), og vi måtte jo få skikkelig middag! Men då eg kom tilbake skjøna eg fort at det ikkje var ein spøk. Der stod Sverre klar og delte ut Biff Stroganoff, klar til å puttast i mikrobølgeomnen. Med mykje salt og grillkrydder gjekk det greit ned. Kor mange vi var til middag? 6 stk. :) Til kvelds var det take-away grandis på skulen si rekning, ikkje heilt feil det ;D
Norheimsund-russen. Legg merke til vår kjære Jostein nede i midten ;)
Høhø.
No greidde eg forresten akkurat tøme vannflaska mi ut over pc-tastaturet. Et eller anna tyder på at eg bør ta kvelden. God natt!