fredag 20. november 2009

NY BLOGG!!!

Eg har fått ny blogg: http://www.belleboe.blogg.no/
Besøk den med jamne mellomrom, då vert eg glad! :):):)
Og legg meg gjerne til i kontakt lista di!
Hjarteleg helsing Isabell ;)




mandag 26. oktober 2009

"Ser eg ut som ein som pleie å gå på fjellet?"

Eg hadde i utgangspunktet tenkt å døype dette innlegget "Ut på tur, aldri sur", men så såg eg at den tittelen brukte eg på eit innlegg i mai. Altså forkasta eg den tanken.

I dag var vi på friluftslivtur igjen. Turen gjekk opp til Krokavatn - og ned igjen. Greia var at vi skulle bruke kart og kompass, men spesielt sistnemnde fekk liggja mykje i fred. Turen var ikkje verdas mest utfordrande, sjølv om eg nok var den som syns det var tyngst... Men i dag var eg i det positive hjørnet, og klaga svært lite til å vere meg^^ Eg var på gruppe med Johanne, Lars Bjarne, Johann og David - ei veldig flott gruppe som eg var stornøgd med! Me song, lo og tok bilete på store delar av turen, og tok det ganske easypeasy :)

Johann sette på sjølvutløysar for å ta bilete av alle... 10 sek var ikkje nok.

Sært? JA

Sjå gutane holle hånnelanken!

Stemning :)

Synnøve the one.

Johan tørkar skoa sine på bålet

Kjempefin tur!!! :)

søndag 25. oktober 2009

[mag] kan brukast til så mangt...

...blant anna å slå i svime det monsteret av ein møll som kom innpå rommet mitt nettopp. Dei som kjenner meg, veit at eg absolutt HATAR møll. Og då dette stygge insektet med eit vingespenn på to meter kom dansande, like grasiøst som Svein Østvik, bortover veggen min, greip eg fatt i det næraste eg hadde å slå med - nemlig [mag].
Fredagskvelden hadde eg same problemet med ei svær fluge som forvilla seg innpå rommet mitt då eg skulle sove. Av ein eller annan grunn har eg litt større medkjensle når det gjeld fluger, og fekk dårleg samvit då eg hadde slått til ho så blodet spruta. Det var etter at eg ikkje hadde gjort jobben skikkeleg første gongen - eg skulle finne kameraet for å ta bilete av den "daude" fluga (nei, eg plar ikkje ta bilete av alle flugene eg drep), og så såg eg at ho hadde bevega seg 10 cm bortover avisa. Dermed vart eg litt hard på handa andre gongen...
Men no legg eg meg til å sove, i morgon er det friluftslivtur (jippii!) Good night, sleeping beauties!

"I fred vil jeg legge meg ned og sove. For du, Herre, bare du lar meg hvile trygt." Salmene 4,9

Slik ser historieboka mi ut:

Julebrus og søndagsmiddag ;)

Den franske revolusjonen - jippi!

Ja, kva var eigentleg riksforsamlinga si oppgåve?

Ved slutten av skuleåret er mest sannsynleg nesten heile boka full i slike post-it-lappar med stikkord og notatar. I know, eg har ein litt spesiell måte å arbeide med stoffet på. Til denne prøven har eg ikkje litt kontroll over pensumet, men ingen skal seie at eg ikkje har lest! Så får det no stå sin...prøve.

lørdag 24. oktober 2009

Ein nydeleg haustdag

Innimellom lesinga til historeprøven som eg skal ha neste veke, fekk eg teke meg ein tur ut i haustsola. Véret var nydeleg! Trur ikkje det kan beskrivast på annan måte enn med bilete (treng vel ikkje leggja til at eg ikkje kan fotografera):

Zico nyt sola

Gamla-eiko

Fotogene straumledningar

Fin, blå himmel!

"Utsikten"

Hugleik på staur

Heilt nydeleg!

Éin stk. fornøyd hund...

...og ei stk fornøyd jenta :)

fredag 23. oktober 2009

Julas innmarsj i butikkane

Eg veit ikkje om eg skal verta oppgjeve eller om eg skal tillata meg sjølv å verta fylt med forventning og glede. Men no har altså både peparkaker og julebrus dukka opp på butikkane inne i Norheimsund. Like ved inngongen står Hansa sin julebrus og freistar alle som berre skal inn for å kjøpe kaffe eller sjampo. Sjølv eg har falt for freistinga å kjøpa figurbakte pepperkaker frå Sætre.
Er det for tidleg å selja slikt no, to månadar før julafta? Dei aller fleste vil nok seie det. Eg er einig, MEN eg er ikkje av dei som ventar til første desember med peparkaker, julebrus og julesongar for den saks skuld. Dette av to grunnar: 1) Eg greier ikkje å ha slike prinsipp. 2) Om det bringer julestemning (som det jo då gjer), vil heller at denne skal kome for tidleg enn for seint. Så det så :)
Såå fin julesong! Som forresten ikkje heiter "Nå er den hellige time"...

onsdag 30. september 2009

Den søtaste personen som går på to bein!

Eller, i desse tilfella, ikkje går på bein i det heile tatt. Det er heilt utruleg korleis Shandell greier å rote seg bort i dei merklegaste ting!
Ho er i allefall ei herleg jente som lyser opp i kvardagen min! :) (Joda, dei andre personane på bileta er flotte, dei óg ;))

tirsdag 22. september 2009

Mi nye forelsking

Når ein bur på vestlandet og har rundt 300 regndagar i året, er det noko fottøy ein ikkje kan unngå å ha på skohylla si. Eg snakkar sjølvsagt om støvlar.

I dag har eg kjøpt meg nye viking-stølvlar. Eg elskar dei - no kidding. Nei, det er absolutt ingeting spesielt med dei, som du ser er dei einsfarga svarte og heilt plaine, men dei er fantastisk praktiske og gode å gå med. No slepp eg å bli våt på beina, få influensa og det som verre er. (SOM om eg greier å unngå det, eg er verdas største sjukling. Somewhere, something went terribly wrong. Immunforsvaret mitt er i alle fall ikkje kva det ein gong var.) MEEN desse støvlane (str. 38, btw, kjøpt på Coop Obs til 499,-) er altså mi(ne) nye forelsking(er). Sorry å måtta skuffa deg som hadde forventa deg noko anna ;) Men vil du ha updates på den fronten, så er det berre til å spørje. Ok, no skal eg gje meg.

mandag 21. september 2009

Tranversal sylinderprojeksjon?

Mange spør meg korleis det går med samfunnsgeografien min. For dei som ikkje har fått det med seg, hoppa eg av, ehm.. valde eg vekk sosialkunnskap til fordel for samfunnsgeografi som privatist. Det går heilt okei! Det er faktisk ganske interessant, i allefall ein del av det. Saka er berre den at når eg les konsentrerer eg meg så sterkt om å forstå det eg les, at eg gløymer at eg skal hugse det også. Fatta? I tillegg er eg litt usikker på om eg kjem gjennom heile boka før eksamen til jul, kjem an på kortid han skal vere. Meeen når eg då er ferdig, får eg masse fri etter jul. Herleg!


Ok, då skal eg lese litt, måtte berre blogge om det først ;) Dødelighet og aldersavhengige dødsrater, here I come!


Masse fine bilete!

søndag 20. september 2009

2 veker igjen!

I dag, dvs i kveld, er det to veker igjen til vi reiser til Tunisia. Heilt SJUKT! Gleder meg vanvittig :) No sit eg åleine på rommet mitt, høyrer på Rudi Myntevik og nyt ein fredleg søndagsmorgon. Søndagsfrukosten smakte som vanleg godt, men det var ikkje mykje eg greidde å få ned. Følte meg framleis mett etter gårsdagen, då Gunhild, Hildegunn, John Terje og eg var på Alpino og åt pizza. Dvs, dei tre andre åt pizza, eg åt marinert biffsnadder med salat og pommes frites. Får du vatn i munnen no? Det var knallgodt! Og ikkje minst veldig koseleg :)

Som du ser, har eg fått ny header igjen. Paint Shop Pro-skillza mine er ikkje til stades, skulle ønske eg visste korleis eg skulle bruke programmet skikkeleg! MEN man tager vad man haver, og bruker det.

No blir det slækkings med favorittfilmen min over alle favorittfilmar og appelsinjuice med isbitar. God søndag folkens!

<3

lørdag 19. september 2009

Tenk om

Tenk om eg hadde tørt å sei
At eg like deg svinaktig godt
Tenk om eg hadde tørt å sei
At eg syns du e' feiande flott
Tenk om eg hadde tørt å sei
Kor flink eg synes du e'
Tenk om eg hadde tørt å sei
koss eg nyte å se deg le

Men istedet for så sitte eg her
Og prate tull og tøys om vind og vær
Det e' fint at det e' sol og at det ikkje snør
Men at du varmer meg mer enn solå gjør
Det nevne eg ikkje med et ord
For frykten for å skjemma meg ut e' så stor

Tenk om eg hadde tørt å sei
At du varmer meg og gjør meg glad
Tenk om eg hadde tørt å sei
At eg syns du e' utrulig bra
Tenk om eg hadde tørt å sei
Kor møkje du betyr for meg
Tenk om eg hadde tørt å sei
kor glad eg e' i deg

(Tekst og melodi: Bjørn Eidsvåg)

fredag 14. august 2009

jeg vil ha en liten... baby

Vilde Mathea - Mie Madeleine - Emma Katharina - Hannah Emilie

Nydelige jentenavn, eller hur?

Bildet er hentet fra smartcanucks.ca

førehandsstemming!

I går fann eg ut at nokre av mine slaskete familiemedlem har greidd å kaste valkortet mitt i bosset. Det er heilt utruleg, skulle tru dei ikkje ville at eg skulle stemme eller noko. Men men, i dag morges ringte eg inn til valsekretariatet (eg er blitt utruleg flink til å ringje til folk eg ikkje kjenner, i utgangspunktet hatar eg å snakke i telefonen), og heldigvis var det berre til å kome inn, så skulle dei skrive ut eit nytt valkort. Så då gjorde eg det! Eg liker tanken på at endeleg kan vere med å bestemme her i landet, til ei viss grad^^

Vårt kjære rådhus der vallokala finn stad (Biletet er henta frå tysnes.kommune.no)

No har eg nettopp laga ostekake som skal i kaféen på opningsdagen på laurdag. Eg hadde heilt gløymt heile kaka eg, hadde det ikkje vore for at Hallvard, vår kjære misjonsprosjektleiar, sende ut påminningsmelding i går. No gler eg meg kjempemykje til å kome tilbake til Framnes og sjå folk igjen. Og ikkje minst sjå kor eg skal bu på Nesheim :) Om to timar reiser eg!

torsdag 13. august 2009

pakke i posten... igjen

I dag morges drog mamma meg omtrent ut av senga for at eg skulle vaske bilen min. Eg har gått og tenkt på at eg skal gjere det heile veka, men utsett det til siste dag. Då eg var ferdig fann eg ut at det var mykje verre å tenkje på at eg skulle vaske han, enn å faktisk gjere det. Og sånn er det med det meste! Bilen blei no fin i allefall, både utvendig og innvendig :)

I dag fekk eg forresten den femte pakken i posten for sommaren. For å rettferdiggjere meg sjølv skal det seiast at han ikkje berre var til meg, men til mamma óg. Men eg fekk meg altså verdens herligaste flanellpysjamas <3

Det rosa skjerfet i bakgrunnen fekk eg óg

Lykken var stor inntil eg la merke til at pysjamasen hadde ROSA striper og kantar. I mitt rike går det ikkje an å ha rosa og blått på samme klesplagg. MEN eg legg godvilja til, og skal nok få brukt pysjamasen, for elles var han herleg :)

"Sitt so gale?!"

Denne sommaren har eg også fått meg ein pakke med kle i frå H&M, 2 pakkar i frå Pixmania.no (den eine med kameraveska og minnekortet, og den andre med kameraet), og ein pakke frå USA - 3pk med "nerdebriller" som eg fann på ebay. Og eg betalte berre 120 norske kroner for tre par, samt frakt og heile pakka. Særs nøgd! Eg veit det er delte meiningar om slike briller, men sjølv syns eg det er dritstilig - trass i at eg eigentleg ikkje kler dei så bra ^^

Dei andre er raude og kvite

Men NO er det sparing, sparing og atter sparing som gjeld! Eg har alltid hatt eit lite problem der - pengane brenn mellom fingrane på meg. I løpet av sommaren har eg brukt fleire tusen kroner enn eg orker å tenkje på... Men no SKAL eg bli flink :)

Sleng med eit bilete av min nye baby på tampen - Samsung ES55, 870 kr frå Pixmania.no:

Biletet er henta frå digitalmega.com

onsdag 12. august 2009

verdens beste

No medan eg sat og rydda skrivebordet, fann eg alle bursdagskorta eg fekk før ferien. Så utruleg heldig eg er som har sånne fantastiske vener! Eg vert rørt her eg sitt og les alle dei gode orda...

Verdens finaste kort frå verdens flottaste folk!

Den fantastiske tegningen til Shandell!

Sangen til Synnøve og Ragnhild, skrive på baksida av ein Rimi-kvittering

Her er eit lite utdrag frå sangen:
"Du køyrer og du køyrer, ja no blir du snart ein fører.
Men husk og ikkje drikk deg full, me håpar du ikkje prøver."

Fantastisk :D

complicated

Som sagt skulle eg i 18 års-dag i kveld, men no trur eg ikkje det vert noko av... Føler meg ikkje heilt pigg, er trøtt og litt varm, i tillegg har eg litt vondt i hovudet. Men i anledning kvelden hadde eg sett på falske negler, og no kan du tru eg angrar! Eg driv og pakkar til å reise tilbake til Framnes, og då er desse hersens neglene berre i vegen. Skjønar ikkje kvifor dei treng å vere så himla lange?! Eg har filt (til den store gullmedalje) for å få dei kortare, men til inga nytte verkar dei som... Vel vel, får berre håpe at dei dett av snart, for rive dei av kan eg ikkje gjere! Diverre :)

Korte, lubne fingrar, og store, stygge negler.

frøken fail

I går gjekk det opp for meg ei grusom (dog humoristisk) sanning. (Omg eg hatar nynorsk nokre gongar.) Det vesle blonde hovudet mitt er fullt av feil og manglar! Augene (uklårt langsyn), nasa (tett), øyrene (betennelse) og tennene (som så klart er skeive) har alle gjort sitt til at eg har måtta besøke apoteket 20 gonger, legen 5 gonger, spesialist 3 gonger, optikaren 1 gong og kjeveortoped x antal gonger. Det neste blir vel at eg får ei rift på stemmebåndet eller noko... MEN ein skal ikkje ta sorgene på forskudd! ;)

Just have to live with this!

I kveld skal eg i 18 års-dag til Ida og Camilla, med 90-tallstema på festen. Trur ikkje eg skal kle meg ut, men gler meg veldig til å vera med gjengen! :)

tirsdag 11. august 2009

sommaren är kort, de mesta regnar bort

Bloggen min har, som mange andre bloggar, tatt ferie i sommar, men no er han tilbake for fullt. Men kva har eigaren gjort på i ferien? Jo, ho har...

...ikkje eigentlig hatt ferie, men jobba på ein jokerbutikk i 6 veker. Slik vert det pengar av!
...besøkt Gunda på Nedstrand (som nemd i tidlegare innlegg)
...vore på Tysnescupen (3.-5. juli) som tilskuar.
...shoppa... litt for mykje.
...vore på Tysnesfest og på konsert med Hallelujah-gutane.
...sitte benka føre tv'en kvar kveld 22:30 for å sjå Paradise Hotel.
...begynt eit nytt og betre liv - og så droppa det... To gongar.
...blitt brun. (Ingen utdjuping, nei.)
...feira 4 familiebursdagar.
...hatt besøk av solstråla Synnøve.
...besøkt tannlækjaren min på Os.
...slutta med nasespray(!)
...bada... Éin gong.
...og kjøpt seg nytt digitalkamera som ho er knallnøgd med! :) Random pics:





torsdag 25. juni 2009

Du veit det er sommar...

...når sola skin gjennom vindauget, fuglane kvitrar utanfor og ingen har oppdatert bloggen sin på 3 dagar.

søndag 21. juni 2009

17 igjen

Er det mogleg at ein film som inneheld basketballkampar, tidsmaskin-konseptet og ein "happy ending" vert bra? Ja, med Zac Efron i hovedrolla.

I går, laurdag, reiste eg til Nedstrand for å besøke Gunhild. Om kvelden tok vi bilen deira og kjørte inn til Haugesund for å gå på kino, bursdagspresang frå Gunhild til meg :) Vi bestemte oss for å sjå "17 igjen" med kjekkasen Zac Efron.

Då vi var komt til kinoen og venta på å kome inn i salen, var det for det meste fjortisar som venta saman med oss. Men som Gunhild sa: "Va kje det det så va meiningå då?" Vel inne fann vi oss godt til rette (ikkje på dei tilviste plassane så klart,vi fann oss nokre betre, salen var nesten tom) med brus og smågodt som vi hadde kjøpt på Rema 1000 før filmen (er de klar over kor dyrt slik er på kino???). Så begynte filmen.

Vi hadde ikkje særleg høge forventningar på førehand, men det kunne vi like godt hatt - eg har aldri kost meg så mykje når eg har sett ein film før (og i allefall ikkje på kino!) Det er ein slik film du føler du har sett før, med mange element i frå ulike eksisterande filmar, men Zac Efron lyfta heile filmen til eit høgare nivå. Ikkje for å dra på meg eit fjortisstempel her altså, men han er berre fantastisk flott å sjå på! Vi var einige om at hadde det ikkje vore for han, hadde ikkje filmen vore like bra. Men bra var han altså. Eg lo meg gjennom heile filmen og storkoste meg - ei anbefaling til alle som ikkje har noko imot litt jente-/fjortisnæring i sommar!