onsdag 6. mai 2009

Ut på tur, aldri sur!

I dag føler eg meg mykje betre. Reiste heime ifrå klokka 07:30 (gjesp!), og kom til bystasjonen 09:30. Her måtte eg vente heile to timar, og eg hadde førebudd meg på å kjede livet av meg, så utålmodig og rastlaus som eg er. Men eg storkosa meg! Eg møtte koselege eldre damer, kjøpte meg bigbite og kakao, leste bok og kikka i butikkar. I det heile tatt veldig avslappande og kjekt! Deretter bar det tilbake til kjære Framnes. Vèrgudane (beklagar fleirtalsforma) har forresten verkeleg hatt humørsvingingar i dag. Heime hagla det gammalmann, i Bergen skein sola, og i Norheimsund regna det. Men eg har funne ut at eg faktisk er veldig glad i regn! Det er forfriskande, reint og... vått. Var ein tur til Norheimsund i stad, og kjøpte litt unødvendigheitar til turen i morgon, som eg by the way nesten (men berre nesten) har begynt å glede meg til. Får jo berre ta å gjere det beste ut av det - eller kva? Det er jo uansett ein fantastisk gjeng som skal på tur saman, så eg skal jammen ikkje klage :)

Ingen kommentarer: