tirsdag 5. mai 2009

Stemningsrapport frå Epland

No er eg sliten, lei og vil berre legga meg og sova. Tidlegare i dag var eg veldig happy (etter mattetentamen var ferdig - er det rart?), men etter kvart som eg kom heim vart eg forferdeleg daff. For det første greidde eg å kvela motoren på bilen 4-5 gongar midt i ein sving i ein oppoverbakke, fordi eg hadde han i 3 gir i staden for 1. Var ikkje kjekt. I tillegg har eg begynt å tenkja på pakking til ("friluftsliv")turen på torsdag, og eg har jo så og seie ingenting av klede og utstyr som er nødvendig. I morgon må eg opp klokka kvart på 7 fordi eg skal reise tidleg tilbake til Framnes, viss ein ser bort frå det faktumet at eg ikkje kjem tilbake tidleg pga DÅRLEGE BUSSFORBINDELSAR! I tillegg er det masse andre ting som gjer at eg ikkje føler meg som ein særleg humørspreiar for augneblinken. MEN no skal eg drikka (vatn.), proppa i meg frukt og lesa ei god bok som eg har fått låna av Maria/sjå Sannhetens øyeblikk, og seinare skal eg eta varmt kvitlauksbrød og sjå Paradise Hotel. Får satse på at det hjelp. Beklagar lite oppmuntrande innlegg :) Håper de har det bra!

Gledesspreiarar!

2 kommentarer:

Marita sa...

blogginnlegg treng ikkje alltid vera så oppmuntrande veit du;) Eg syns da hørtes kjempedigg ut å berre slappa av med ei god bok, mat og tv:) Kjenne eg e i da humøret no;) håpe da hjalp!

Gunhild sa...

Off då, men du får prøva å fokusera på d positiva likavel! Og som Marita seie, så e d herlig å slappa av med bok, tv og mat ;)
Og ein ting t: Eg e kjempegla i deg! :D