Ofte vert innlegga mine heilt utan mål og meining. Nokre gongar kan dei kanskje ha eit snev av interessant innhald eller fornuft. Men det går sjeldan lenger enn det. Eg greier på inga måte å skrive ned reflekterte tankar om Gud, Bibelen, politikk, samfunn eller menneskeverd. Eg beundrar dei som faktisk tek seg tid til dette, og lagar velformulerte og oppegåande bloggar, medan eg sit her og produserer noko fjas når det sjølv passar meg. Utan samtykje frå eigarane, vil eg gjerne anbefale nokre bloggar: http://vegardberland.blogspot.com/, http://kristneverdiar.blogspot.com/ og http://lenaks.blogspot.com/. Etter mi meining er desse verdt å ta ein tur innom - interessante og informerande bloggar!

4 kommentarer:
eg syns du e flink eg! :)
trofast lesar! ;)
Skjønne ka du mein, Isabella! Ikke lett å skriv nån velformulerte ord, når ein har sånne flinke skribenter å konkurrer med;)
Men æ syns du e flink uansett ka d handle om:D
Hehe, dåke e no greie :)
(Kristine: Eg e ofte innom bloggen din, men skal bli flinkare til å kommentera! Gjeld forsåvidt deg og Johanne :))
Legg inn en kommentar