mandag 4. mai 2009

Definisjonen av forelskelse

No er det tid for å vere litt personleg her. Då eg var på tur i skogen i duskregnet i dag, kom eg til å tenkje på ein ting. For ei stund tilbake hadde eg ein samtale med ei vennine. Ho spurde meg om eg var forelska, og eg svara at eg ikkje var sikker. Då påstod ho at eg ikkje var det, for etter hennar meining måtte ein kjenne personen ganske godt og det måtte vere noko på gang frå begge si side, før ein kunne kalle det forelskelse. I så fall har eg aldri vore forelska. Men mi meining har alltid vore at forelskelse er ei kjensle, og ikkje eit forhold eller ein relasjon du har til ein person. Kva meiner du?

8 kommentarer:

Marita sa...

Eg meiner at du omtrent kan verte forelska i ein du ser på gata. Det treng absolut ikkje vere gjensidig og du treng ikkje kjenne personen skikkelig. Det er ei kjensle, eit sug i magen, hjartebank. Kjærleik derimot er meir enn forelsking!

Marita sa...

Du såg forresten skikkelig forelska ut på bietet, men det var vel sikkert bevisst;)

Isabell sa...

Då er vi ganske einige!
Og angåande biletet... tja ;)

therese sa...

enig med både marita og deg isabell:) forelskelse er bare en følelse, som går opp og ned, akkurat som andre følelser:) det er ikkje alltid man føler seg så forelsket i en person, men man kan vite at man er glad i personen uansett:)

Synnoove sa...

ja, eg er så einig så einig!
Ps: no kan endeleg eg òg kommentera, isabell;P

Isabell sa...

so bra ;D

Linn Borgny sa...

For ein gongs skuld er eg veldig einig med deg!* Forelskelse er ikkje avhengig av å verta gjengjeldt. Det går an å vera forelska i nokon utan at det vert gjengjeldt og det er mogleg å elska nokon utan at dei elsker deg tilbake - uheldigvis. Det kan vera vondt, men det er nok slik det er.

Eit hjarte kan skjule mange tonar, når dei vert mellom to hjarte vert det søt musikk!

Isabell sa...

Så bra at du er einig med meg då ;)