onsdag 1. april 2009

Sjølvpining (Dusjing på Framheim B)

Klokka nærmar seg innetid, og du er på veg inn i dusjen. Det er seint på kveld, og mange har dusja før deg. Du fryktar det verste i det du skal til å skru på vatnet - men, hei! Det er enda litt varmt vatn igjen! Overlykkeleg let du vatnet strøyme nedover kroppen din, men det går ikkje lang tid før noko byrjer å skje. Vatnet blir kaldare og kaldare, og du føler det meir og meir ukomfortabelt. I det stille ber du ei kort bøn om at lunken skal kome tilbake - det har nemleg hendt før. Og som på kommando får vatnet ein nokonlunde normal temperatur igjen. Flaks. Men kor lenge var Adam i Paris? Etter mindre enn eit halvt minutt, kjem kulden tilbake - no kaldare enn nokon gong før. Brått er ikkje vatnet lenger behageleg mot huda, men føles som knivar som skjèr i deg. Slik står du i nokre få sekund, medan du gjer eit febrilsk (og heller mislukka) forsøk på å skylje ut balsamen av håret. Vel inne på rommet er det berre å finne fram pysjamasen og hoppe opp i senga under dyna med det same, ellers kan du nok risikere å få frostskadar. GOD NATT!

5 kommentarer:

Gunhild sa...

Eg love deg, d e ikkje bare på Framheim B at d fenomenet finne sted :S
E heilt forferdelig! Som om Framnes e lei av oss og vil at me skal bli liggande sjuke i sengene våre heile dagen..

Malene sa...

På Nesheim va det ei stund vaktmeisteren tok all varmen frå dusjane og putta inn i omnane.. :S Meeen, eg skal vel eigentleg ikkje klaga.. eg veit korleis det er å bu på Framheim :P

Isabell sa...

Eg e klar øve at da ikkje berre e på B, ja :)

Asbjørn Berland sa...

Kalde dusjer styrker viljestyrken! Få kan vel vere uenig i at kaldt vatn er vanskelig å vere lenge i. I tillegg styrker det immunforsvaret på sikt!

Likevel priser eg meg lykkelig for at dette ikkje er eit vanleg fenomen på Strandheim. Då kan ein heller velje kaldt vatn om ein vil setje viljen på prøve, eventuelt hoppe i havet!

Isabell sa...

Eg ville heller ha hoppa i havet, enn å dusja i ein kald dusj =)