
Når det er sagt er det ganske artig å "leike" modell, når ein får vere seg sjølv, akkurat slik som ein er. I dag skulle eg i utgongspunktet berre prøve noko nytt mamma hadde kjøpt, men så enda det med at eg hadde "fashionshow" for mamma og pappa. Med høghæla sko og store solbriller prøvde eg ein 9-10 kjolar, håndplukka frå mitt og mamma sitt klesskap. Viss du syns eg er skrudd i hovudet, så er det greit^^ Men eg forstår at enkelte likar å drive med det!
Tenkte eg skulle legge ut eit nytt bilete av ein, etter mi meining, veldig fin sommarkjole som eg kjøpte i Tyrkia for snart 3 år sidan, men sjølvsagt har eg gløymt kamerakabelen på Framnes... Men men, då får eg heller ta å slenge med eit bilete frå den gongen eg kjøpte han, men HUGS: Det er faktisk tre år sidan.
7 kommentarer:
Eg forstår deg godt, Isabell! Har kje sett så masse på di programmå, men vett ka d går i. Men uskyldig "modellering" e alltid kjekt ;)
Veldig søt kjole forresten!
Hehe, takk!
Heilt enig med deg!
Top Model er underhaldande, men og rett og slett provoserande!
Du er søt Isabell:) Å leike modell er kjekt, men eg trur ikkje det gjer mykje bra for dei jentene som for eksempel er med i Top Model. Dei må jo verte totalt øydelagde (sjølv om det er underhaldande å sjå på..). Kjolen var fin:)
Så fin blogg du har :)
- Kos deg masse i påska!
Takk, begge to^^ Kos deg du også, Kristin, og god bedring! =)
Hmm..eg veit ikkje heilt kva eg skal sei..Går eg på tynn is her?
NEI, det gjer eg ikkje;P Eg er enig med deg, mi kjære vakre Isabell! Heldigvis har mitt byrå mindre fokus på å sjå ut som ein fyrstikk og meir på å visa kleda fram og gjera ein god jobb der, for det er jo eigentleg det det handla om i byrjinga..men kva skjedde?:S Triste greie..
Uskuldig modellering som Gunda kalla det kan vera artig..me får ta ein gong-fest ein gong! :D
So kan du bruka den SØTE kjolen..<3
Legg inn en kommentar