tirsdag 21. april 2009

Blogg.rejoice.prøve.middag.seksualtiet.sjokolade.utlendingar

I ferien var eg flink og oppdaterte bloggen min opptil fleire gongar dagleg. No har eg ikkje blogga sidan skulen byrja att. Utruleg kor lite tid du får til overs her på halvøya, fordi du driv med ting som ueffektiv prøvelesing og facebook-sosialisme.

Vel, i helga var det Rejoice, og eg hadde gleda meg veldig. Diverre svarte det ikkje heilt til forventningane mine. Kva eg eigentlig hadde forventa meg veit eg ikkje, men eg følte ikkje at det gav meg så mykje. Men konserten på fredagskvelden med Seraf var utruleg bra, den beste konserten eg har vore på, musikalsk sett! Dessuttan fekk eg meg ei brun Rejoice-t-skjorte som eg er rimeleg nøgd med ;) (Beklagar den materalistiske tankegangen.)

I dag hadde vi kroppsøvingsprøve. Det gjekk rett vest! Eg hadde lest, men Geir Johnny hadde vald å spørre om dei tinga som eg ikkje hadde lest på. Trur han er glad i meg. Eg og Debora gjekk frå prøva tidleg, og møtte Heimark. Vi sette oss nede i hallen, og reiv sportmannbladet mitt i tusen bitar. Eg har no funne ut at eg har ein ting for det å rive sund blad og aviser... Eg er ei levande makuleringsmaskin.
Middagen i dag åt saman med Jonas og Daniel. Det var ekkelt.

No har eg nettopp vore på seksualundervisning med Lisbeth og Arne. (Ja, ikkje berre eg altså. Heile andre klasse var det, bortsett frå norke døgeniktar som heller ville spele fotballkamp.) Det var interessant og morosamt, kanskje mest det siste. Ingen tvil om at dei er eit radarpar her på skulen. Eg ser fram til neste kveldsundervisning!

For augneblinken sit eg på rommet mitt og har just hatt eit desperat behov for sukker. Det problemet løyste eg med å dukke ned i sukkertøykrukka mi, der ein for det meste finn godteri med produksjonsdato frå august-desember 2008. Ingenting av nyare dato. Men kva gjer vel det? Smuldrete nissesjokolade smakar minst like godt som Freias 200 grams sjokoladeplater frå dags dato :)

I morgon natt kjem tyskarane!!! :D



2 kommentarer:

TM sa...

Ikkje heilt einig i det med sjokoladenissen...INGENTING slår Freia sin mjølkesjokolade! ...trudde du hadde lært etter eit halvt år på same rom som meg, og etter snart to års venskap!? Akk ja...

Isabell sa...

Greit Tonis, du får sista ordet =)