lørdag 11. april 2009

Penicillin og blaute blyantar

I dag kom eg meg endelig til legen. Han gav meg penicillin og paralgin forte, så no tenkjer eg at eg snart får eit smertefritt og brukbart øyra tilbake :) I natt sov eg ikkje (dels på grunn av øyreverken), og har framleis ikkje sove noko. Men eg føler meg ganske fresh, trass i at eg ser ut som eit spøkelse :)

Medan eg har vore heime i ferien, har eg teke opp att ein hobby som eg eigentleg har hatt så lenge eg kan hugse: teikning. Det er lenge sidan eg har teikna noko skikkeleg no, må vere eit år sidan då eg teikna bursdagsgåve til Tone Marit, eller overraskelsespresang til Synnøve. Utruleg kjekt å drive med, spesielt når sluttresultatet vert noko lunde bra ut ;) Kjekkast er det å teikne menneske, sjølv om det er veldig vanskelig. Og det skal seiast: gutar er MYKJE vansklegare å teikne enn jenter ;P

4 kommentarer:

Marita sa...

keep up the good work, Isabell!:) Du er kjmpeflink til å teikne:) Trur eg må begynne å ta bilder igjen snart.. det er min gløymde hobby;)

Anonym sa...

Eg blei iallefall VELDIG glad for teikningen eg fekk av deg:)!
Så kjedelig å lesa at du har øyreverk, men godt du har fått deg pencilin. God bedring=) og god påske!
-Synnøve

Elisabet (: sa...

God bedring:)

Isabell sa...

Marita: Takk for da^^ Ja, du må absolutt begynna å ta bilde igjen! Bildene dine e kjempefine =)

Synnøve: Så bra =) Takk, og god påske til deg óg!

Elisabet: Takkur c",)