lørdag 11. april 2009

Med hjartet på rette staden

Det fins delte meiningar om trønderbandet D.D.E. Mange synes dei er harry. Eg elskar dei.

Visst har dei fleire songar utan særleg innhald og moral, men dei har óg mange gullkorn. Ein nokså kjend song er "Ville fugla flyg", som handlar om at ein må gi alt og tørre å stå fram for å vinne rettferd. Dei ulika versa omhandlar hendinga på den Himmelske Freds Plass, motet til apartheidmotstandaren Nelson Mandela, og Jesus som livets lys. Songen er heilt nyyydeleg. Ein annan song som er veldig flott er "Som Splintra Speil", som handlar om ei skilsmisse. Begge desse songane er skrivne av Rolf Mokkelbost, som etter mi meining skulle hatt ein eller annan litteraturpris når det gjeld låtskriving. D.D.E har dessutan eit samarbeid med Frelsesarmeen, og i fjor gav dei ut ei juleplate saman med organisasjonen, der inntektene gjekk til Armeens arbeid. Forresten, eg må berre nemne éin song til som er fantastisk. Den heiter "Jul'kortet", og er ein del av albumet "No e d.d.e jul igjen". Her kan ein høyre Frelsesarmeens Nasjonale Hornorkester i bakgrunnen. Ein utruleg vakker julesong som eg anbefaler alle å høyre!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ååh, Isabell! Du slutte aldri å overrask, å d like æ:D E også heilt enig i d du sei, spesielt den sangen Som splintra speil. Go DDE!

hlewagastiR sa...

Det er sjølvsagt slikt ein norsklektor ikkje skal seia, men dei hev nokre fengande songar...

Isabell sa...

Hehe, det er godt å høyre! =D

Rolf Mokkelbost sa...

Takk for gode ord! Det er hyggelig at folk setter pris på tekstene mine. Jeg legger mye arbeid bak dem - men litteraturpris er jo noe heftig, da.......
mvh
Rolf Mokkelbost