No sit eg på rommet mitt, og skulle eigentlig arbeide med biologi-prosjekt (om fjellreven, interessant, eller hur?), men tenkte eg heller kunne opplyse dykk om at i dag er det kun TO VEKER igjen til tyskarane våre kjem! Til de som ikkje er informert, her kjem ei kort oppklaring: I ei veke i haust var delar av tyskklassen på studietur til Tyskland, der vi budde hos tyske ungdommar som var elevar ved Freie Christliche Schule Darmstadt. Denne skulen har eit samarbeid med Framnes, og no, den 22. april, skal tyskarane vi budde hos kome til Noreg og vere hos oss i ei veke! Eg både gledar og gruar meg, mest gledar meg sjølvsagt :) Det blir konge å få sjå Susanna ("min" tyskar), Jana, Verena, Janina og alle dei andre igjen! "Far min", dvs far til Susanna som eg budde hos, skal også kome, sidan han er lærar ved FCSD. Det blir stas! Noko av det eg gruar meg mest til, er å vise internatet med romma, dusjane og toaletta. Ser jo ikkje ut, dei må jo tru at foreldra våre er fattige, og ikkje har råd til å sende oss på ein betre skule... På ei anna side, så var ikkje skulen deira så mykje å skryte av heller^^
Anten du kan tysk eller ikkje - ta godt i mot dei når dei kjem ;)
Åå, da høyrdes kjekt ut! :D På Stord har me nåke so hette Europadagar rett ette påske, og då komme da 90(?) eleva fra Tyskland, Latvia og Finland! Og Ida & Camilla ska vera vertsfamilie for ei jenta fra Latvia! Eg gler meg eg :D
Veronika: Stilig! Håpe ho kan engelsk då(?) :P Tyskarane våre va ikkje så veldig stødige i engelsk, eg for min del kommuniserte for da mesta på tysk ;P
Hei! Eg heiter Isabell, er 21 og bur i Bergen. Her studerer eg teiknspråk, og det er kjekt! Denne bloggen slutta eg å skrive på for over 3 år sidan, men du må gjerne bla gjennom arkivet og lese. Den nye bloggen min finn du på: http://belleboe.blogg.no
"Men dei som ventar på Herren, får ny kraft; dei lyfter vengene som ørnar, dei spring og trøytnar ikkje, dei går og mødest ikkje." (Jes 40, 31) "De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike." (2. kor 8,9)
7 kommentarer:
åå, eg glede meg t dei komme eg:)
goe greie! :D
Du må hilse til Jana fra meg, da;) Jeg bodde hjemme hos de (var hos søstera, Elena):)
Åå, da høyrdes kjekt ut! :D
På Stord har me nåke so hette Europadagar rett ette påske, og då komme da 90(?) eleva fra Tyskland, Latvia og Finland! Og Ida & Camilla ska vera vertsfamilie for ei jenta fra Latvia!
Eg gler meg eg :D
Konge! Da skal eg gjera;)
(Den siste kommentaren der va til Hilde ;))
Veronika: Stilig! Håpe ho kan engelsk då(?) :P Tyskarane våre va ikkje så veldig stødige i engelsk, eg for min del kommuniserte for da mesta på tysk ;P
Hehe, skjønte da ;)
Ja, dei kunne visst engelsk.. :) Men da hadde vore litt gøy med en tysker og for å få praktisert den tysken eg (trur eg) kan! :P
Legg inn en kommentar