torsdag 9. april 2009
Øyreverk og litt attåt
No har eg slitt med øyreverk i eit par dagar, pluss at eg har kroppen halv-full (eller halv-tom, alt etter som) i feber. Det er så typisk meg å bli sjuk i feriane! På toppen av alt har eg ein sosiologirapport eg er nøydd til å skriva, men som eg ikkje heilt orkar å byrje på... Men eg skal ikkje klaga :) No har eg kasta innpå eit par paracetar, tatt meg ein dusj (OKEI, eg skal slutta å blogga om dusjing) og hoppa i pysjamasen. Tenkjer eg legg meg snart - kanskje eg til og med får sova? I dag stod eg jo faktisk tidleg opp - kvart over ti! Jei.
onsdag 8. april 2009
Germans arriving wasteland
No sit eg på rommet mitt, og skulle eigentlig arbeide med biologi-prosjekt (om fjellreven, interessant, eller hur?), men tenkte eg heller kunne opplyse dykk om at i dag er det kun TO VEKER igjen til tyskarane våre kjem! Til de som ikkje er informert, her kjem ei kort oppklaring: I ei veke i haust var delar av tyskklassen på studietur til Tyskland, der vi budde hos tyske ungdommar som var elevar ved Freie Christliche Schule Darmstadt. Denne skulen har eit samarbeid med Framnes, og no, den 22. april, skal tyskarane vi budde hos kome til Noreg og vere hos oss i ei veke! Eg både gledar og gruar meg, mest gledar meg sjølvsagt :) Det blir konge å få sjå Susanna ("min" tyskar), Jana, Verena, Janina og alle dei andre igjen! "Far min", dvs far til Susanna som eg budde hos, skal også kome, sidan han er lærar ved FCSD. Det blir stas! Noko av det eg gruar meg mest til, er å vise internatet med romma, dusjane og toaletta. Ser jo ikkje ut, dei må jo tru at foreldra våre er fattige, og ikkje har råd til å sende oss på ein betre skule... På ei anna side, så var ikkje skulen deira så mykje å skryte av heller^^Anten du kan tysk eller ikkje - ta godt i mot dei når dei kjem ;)
tirsdag 7. april 2009
Framnes-abstinensar
Eg såg nettopp på klokka nede i høgre hjørne på pc'en min. Ho viste 22:27. "Å nei, snart innetid!" tenkte eg. Så gjekk det opp for meg at eg faktisk ikkje var på Framnes. +019.jpg)
+019.jpg)
Det er rart korleis du kjem inn i daglege rutinar, og når du kjem heim greier du ikkje heilt å omstille deg til feriemodus. Eg for min del har ikkje lyst til å kome inn i feriemodus. Ei helg heime kan vere avslappande, men viss det blir meir enn det, byrjar eg å sakne tilbake til Hardanger. Rutinane, folka, alt! (Eg er nok litt sær på det området, dei fleste ville gjort kva som helst for meir feire.) Eg tør nesten ikkje tenkje på at vi snart skal inn i vårt siste år på Framnes.. Men trur i grunn at det kjem til å bli eit veldig bra år :) Nesheim, 13 fritimar i veka, RUSS, mange ferskisar, misjonsprosjekt, bil, jobb?.. Då vil eg i allefall ikkje reise heim!
20 spørsmål
Etter ein lang og slitsam skuledag kjem eg opp på rommet mitt og set meg ned foran pc'en. Som alltid går eg innpå iTunes for å setje på musikk, før eg set igang med leksene (yeah right...) Men - heisann! Ein ny podcast er på veg inn i maskina mi! Spent trykkjar eg på "nedlastingar", og der står "20 spørsmål 28.03.09" (Ja, eg veit det var ein laurdag, men programma er alltid tilgjengelege to dagar etterpå...;)) Etter nokre minutt er programmet ferdig nedlasta, og eg kan lene meg tilbake og nyte 26 minutt og 42 sekund med underhaldning på høgt nivå. Og spanskleksene? Dei kan vente til seinare..
Viss du er ein av dei som ikkje synes 20 spørsmål er teit, og berre er noko foreldregenerasjonen vår kan høyre på (ja, det fins faktisk nokre av dei.. Kan du tenkje deg til??), så går det som sagt an å laste ned på iTunes som podcast. Gå innpå iTunes store, og søk på 20 spørsmål, så vips! Ha ein fin ferie vidare :)
lørdag 4. april 2009
Modellbransjen
Eg mislikar modellbransjen. Då snakkar eg ikkje om det mi kjære vakre Linn Borgny driv med (misforstå meg rett, eg meiner ikkje at det er useriøst!), men den knallharde og utfordrande verkelege konkurransen. Eg har sett på seriar som Top Model, Modellbyrået og liknande. Eg kan synast det er underhaldande, men eg likar ikkje opplegget. Eg mislikar at ein må vere så utruleg tynn for å få lov til å gå på ein catwalk. Eg mislikar at det ikkje er "lov" å vere sjuk, men at ein alltid må yte maksimalt. Og ikkje minst: Eg hatar å sjå folk bli skuffa fordi dei ikkje er gode nok.Når det er sagt er det ganske artig å "leike" modell, når ein får vere seg sjølv, akkurat slik som ein er. I dag skulle eg i utgongspunktet berre prøve noko nytt mamma hadde kjøpt, men så enda det med at eg hadde "fashionshow" for mamma og pappa. Med høghæla sko og store solbriller prøvde eg ein 9-10 kjolar, håndplukka frå mitt og mamma sitt klesskap. Viss du syns eg er skrudd i hovudet, så er det greit^^ Men eg forstår at enkelte likar å drive med det!
Tenkte eg skulle legge ut eit nytt bilete av ein, etter mi meining, veldig fin sommarkjole som eg kjøpte i Tyrkia for snart 3 år sidan, men sjølvsagt har eg gløymt kamerakabelen på Framnes... Men men, då får eg heller ta å slenge med eit bilete frå den gongen eg kjøpte han, men HUGS: Det er faktisk tre år sidan.
King of the road
I eit tidlegare blogginnlegg (som no er sletta) uttrykte eg min fustrasjon når det gjaldt manglande glede og lyst til å køyre bil. No har dette endelig endra seg, og eg kan konstatere at eg per i dag trivest bak rattet :) Skulle berre mangle sidan det no faktisk berre er omlag to månadar igjen til oppkøyring... Sleng med eit bilete av bilen min som står heime i tunet, og berre ventar på å få bli køyrd ;)
fredag 3. april 2009
Selskap bak forhenget
Eg kjem meg ikkje heilt bort frå fenomenet dusjing. Har du nokon gong stått i dusjen og følt at nokon har dunka deg på skuldera? Det har eg, fleire gongar, og det er verkeleg ikkje til å anbefale. I alle tilfella var det riktignok den der "kosten" som står inne i dusjen som hadde skulda, men behageleg var det ikkje. No har eg endeleg komt meg heim, vekk frå "kostar" som lever sitt eige liv, og ikkje minst KALDT VATN! Klokka slår snart midnatt, og eg har nettopp hatt den fornøyelsen av å dusje i varmt og deilig vatn, som ikkje skiftar temperatur etter humøret. Medan vi snakkar om varmt vatn... Bror min kjem heim frå fotballkamp om ein augneblink, og eg stod ganske lenge i dusjen... :S Eg lever i faresonen for bank.
onsdag 1. april 2009
Sjølvpining (Dusjing på Framheim B)
Klokka nærmar seg innetid, og du er på veg inn i dusjen. Det er seint på kveld, og mange har
dusja før deg. Du fryktar det verste i det du skal til å skru på vatnet - men, hei! Det er enda litt varmt vatn igjen! Overlykkeleg let du vatnet strøyme nedover kroppen din, men det går ikkje lang tid før noko byrjer å skje. Vatnet blir kaldare og kaldare, og du føler det meir og meir ukomfortabelt. I det stille ber du ei kort bøn om at lunken skal kome tilbake - det har nemleg hendt før. Og som på kommando får vatnet ein nokonlunde normal temperatur igjen. Flaks. Men kor lenge var Adam i Paris? Etter mindre enn eit halvt minutt, kjem kulden tilbake - no kaldare enn nokon gong før. Brått er ikkje vatnet lenger behageleg mot huda, men føles som knivar som skjèr i deg. Slik står du i nokre få sekund, medan du gjer eit febrilsk (og heller mislukka) forsøk på å skylje ut balsamen av håret. Vel inne på rommet er det berre å finne fram pysjamasen og hoppe opp i senga under dyna med det same, ellers kan du nok risikere å få frostskadar. GOD NATT!
dusja før deg. Du fryktar det verste i det du skal til å skru på vatnet - men, hei! Det er enda litt varmt vatn igjen! Overlykkeleg let du vatnet strøyme nedover kroppen din, men det går ikkje lang tid før noko byrjer å skje. Vatnet blir kaldare og kaldare, og du føler det meir og meir ukomfortabelt. I det stille ber du ei kort bøn om at lunken skal kome tilbake - det har nemleg hendt før. Og som på kommando får vatnet ein nokonlunde normal temperatur igjen. Flaks. Men kor lenge var Adam i Paris? Etter mindre enn eit halvt minutt, kjem kulden tilbake - no kaldare enn nokon gong før. Brått er ikkje vatnet lenger behageleg mot huda, men føles som knivar som skjèr i deg. Slik står du i nokre få sekund, medan du gjer eit febrilsk (og heller mislukka) forsøk på å skylje ut balsamen av håret. Vel inne på rommet er det berre å finne fram pysjamasen og hoppe opp i senga under dyna med det same, ellers kan du nok risikere å få frostskadar. GOD NATT!
lørdag 14. mars 2009
Livsteikn
Tru det eller ei - eg lever faktisk enno. Seksten dagar er gått sidan mitt forrige blogginnlegg, og litt av kvart har skjedd på den tida! Først og fremst har eg vore på ein amazing turné til Hamar-området med Norheimsund og Øystese Ungdomskor. Mange flotte konsertar, kalde minusgrader, morosame talentiadeinnslag, meter med snø, hyggelege måneskinnsturar og ikkje minst FANTASTISKE folk gjorde turen minneverdig og meir enn det. Før turnéen hadde eg bestemt meg for å slutte i koret, men etter at vi returnerte til Vestlandet, hadde eg skifta meining. Korleis kan eg forlate ein så flott gjeng? =)
Men så var vinterferien slutt, og eg hadde ikkje noko anna val enn å setje kursen innover fjorden igjen. Der vart eg, som alle andre, møtt av ein stressande kvardag med prøvar, innleveringar og lærarar som openbart kunne tenkt seg litt lenger ferie, dei óg.
Sjølv om skulearbeidet kan verke uoverkommeleg for tida, ber eg alle tapre sjeler der ute om å halde ut - det er jo trass alt knappe 3 veker til påskeferie ;D
Abonner på:
Innlegg (Atom)


