mandag 4. mai 2009

Prioriteringar

No sit eg på rommet mitt og prøver å lese til mattetentamen, slik som mange andre denne dagen. Det går relativt dårleg, for å seie det mildt. Alt eg har lyst til å skru volumet på pc'en på fullt, og hoppe og danse rundt i rommet til gospelmusikk, Hannah Montana og S Club 7! Dansing gir ei fantastisk kjensle av lykke :D Og det gjer ikkje matte for å seie det slik... Så - dans eller arbeid?

lørdag 2. mai 2009

"Blogg skal informera elle rett og slett la vera"

Ofte vert innlegga mine heilt utan mål og meining. Nokre gongar kan dei kanskje ha eit snev av interessant innhald eller fornuft. Men det går sjeldan lenger enn det. Eg greier på inga måte å skrive ned reflekterte tankar om Gud, Bibelen, politikk, samfunn eller menneskeverd. Eg beundrar dei som faktisk tek seg tid til dette, og lagar velformulerte og oppegåande bloggar, medan eg sit her og produserer noko fjas når det sjølv passar meg. Utan samtykje frå eigarane, vil eg gjerne anbefale nokre bloggar: http://vegardberland.blogspot.com/, http://kristneverdiar.blogspot.com/ og http://lenaks.blogspot.com/. Etter mi meining er desse verdt å ta ein tur innom - interessante og informerande bloggar!

Saturday morning

No bloggar eg frå sengekanten. Har nettopp våkna, med vondt i magen og veldig tunge øyelokk etter "berre" 7 timars søvn. Sat aaalt for lenge og fiksa på bloggane (denne og den på wordpress.com), hovedsakelig headerane (som eg forøvrig kun blei passe fornøyd med) I dag skal pappa og eg til Stord for å finne nye briller til han. Det blir spaß! Medan vi snakkar om briller, må eg seie at eg er nokså fornøyd med mine egne. No berre lurar eg på om eg skal bruke briller på oppkøyring eller ikkje..

Håret mitt ser insane gult ut her

Fjortisfaktar

Eg greier som kjent aldri å ha den same layouten i meir enn to månadar. No har eg fiksa han igjen! Begrunninga bak den nye (og teite) bloggtittelen min er rett og slett at eg har byrja å seie det HEILE tida. "Sånn heilt seriøøst liksom". Eg var aldri i den verste fjortisalderen, men kven veit - kanskje det er først no fjortissyndromet vel å kaste seg innover meg? Håper verkeleg ikkje det.

Fjortis.

onsdag 29. april 2009

tirsdag 21. april 2009

Blogg.rejoice.prøve.middag.seksualtiet.sjokolade.utlendingar

I ferien var eg flink og oppdaterte bloggen min opptil fleire gongar dagleg. No har eg ikkje blogga sidan skulen byrja att. Utruleg kor lite tid du får til overs her på halvøya, fordi du driv med ting som ueffektiv prøvelesing og facebook-sosialisme.

Vel, i helga var det Rejoice, og eg hadde gleda meg veldig. Diverre svarte det ikkje heilt til forventningane mine. Kva eg eigentlig hadde forventa meg veit eg ikkje, men eg følte ikkje at det gav meg så mykje. Men konserten på fredagskvelden med Seraf var utruleg bra, den beste konserten eg har vore på, musikalsk sett! Dessuttan fekk eg meg ei brun Rejoice-t-skjorte som eg er rimeleg nøgd med ;) (Beklagar den materalistiske tankegangen.)

I dag hadde vi kroppsøvingsprøve. Det gjekk rett vest! Eg hadde lest, men Geir Johnny hadde vald å spørre om dei tinga som eg ikkje hadde lest på. Trur han er glad i meg. Eg og Debora gjekk frå prøva tidleg, og møtte Heimark. Vi sette oss nede i hallen, og reiv sportmannbladet mitt i tusen bitar. Eg har no funne ut at eg har ein ting for det å rive sund blad og aviser... Eg er ei levande makuleringsmaskin.
Middagen i dag åt saman med Jonas og Daniel. Det var ekkelt.

No har eg nettopp vore på seksualundervisning med Lisbeth og Arne. (Ja, ikkje berre eg altså. Heile andre klasse var det, bortsett frå norke døgeniktar som heller ville spele fotballkamp.) Det var interessant og morosamt, kanskje mest det siste. Ingen tvil om at dei er eit radarpar her på skulen. Eg ser fram til neste kveldsundervisning!

For augneblinken sit eg på rommet mitt og har just hatt eit desperat behov for sukker. Det problemet løyste eg med å dukke ned i sukkertøykrukka mi, der ein for det meste finn godteri med produksjonsdato frå august-desember 2008. Ingenting av nyare dato. Men kva gjer vel det? Smuldrete nissesjokolade smakar minst like godt som Freias 200 grams sjokoladeplater frå dags dato :)

I morgon natt kjem tyskarane!!! :D



lørdag 18. april 2009

Og jula varer helt til påske!..

..i allefall heime hos oss. Eg har funne ut at vi har litt problem med å hvie ut jula når høgtida er ferdig. Kanskje tek vi tek den kjente sangen litt for alvorlig... Alle bileta under er tekne i påsken.



søndag 12. april 2009

A tattoo for you

Akkurat no sit eg og ser på "Miami Ink" på Discovery. Det er seriøst noko av det kulaste som går på tv! Det handlar om fire-fem karar som jobbar som tatovørar på eit studio i Miami, Florida. Og dei er heilt sjukt flinke! Dei lagar vannvittige tatoveringar med alle mulige motiv - og det ser dritstilig ut. Det går også eit program som heiter "LA Ink" som går ut på det same, berre at her er det heile lagt til Los Angeles. Tatovørane her er også sinnsjukt flinke :) Kat Von D, til dømes, er heilt vill på å lage naturtro portrett av menneske. Programma går på Discovery Channel og Discovery Travel & Living, så hvis du har desse kanalane og litt tid til overs, anbefalar eg å ta ein titt :)

Kunne du tenkt deg å teke tattovering?

Portrettatoverinar av Kat Von D

lørdag 11. april 2009

Penicillin og blaute blyantar

I dag kom eg meg endelig til legen. Han gav meg penicillin og paralgin forte, så no tenkjer eg at eg snart får eit smertefritt og brukbart øyra tilbake :) I natt sov eg ikkje (dels på grunn av øyreverken), og har framleis ikkje sove noko. Men eg føler meg ganske fresh, trass i at eg ser ut som eit spøkelse :)

Medan eg har vore heime i ferien, har eg teke opp att ein hobby som eg eigentleg har hatt så lenge eg kan hugse: teikning. Det er lenge sidan eg har teikna noko skikkeleg no, må vere eit år sidan då eg teikna bursdagsgåve til Tone Marit, eller overraskelsespresang til Synnøve. Utruleg kjekt å drive med, spesielt når sluttresultatet vert noko lunde bra ut ;) Kjekkast er det å teikne menneske, sjølv om det er veldig vanskelig. Og det skal seiast: gutar er MYKJE vansklegare å teikne enn jenter ;P

Med hjartet på rette staden

Det fins delte meiningar om trønderbandet D.D.E. Mange synes dei er harry. Eg elskar dei.

Visst har dei fleire songar utan særleg innhald og moral, men dei har óg mange gullkorn. Ein nokså kjend song er "Ville fugla flyg", som handlar om at ein må gi alt og tørre å stå fram for å vinne rettferd. Dei ulika versa omhandlar hendinga på den Himmelske Freds Plass, motet til apartheidmotstandaren Nelson Mandela, og Jesus som livets lys. Songen er heilt nyyydeleg. Ein annan song som er veldig flott er "Som Splintra Speil", som handlar om ei skilsmisse. Begge desse songane er skrivne av Rolf Mokkelbost, som etter mi meining skulle hatt ein eller annan litteraturpris når det gjeld låtskriving. D.D.E har dessutan eit samarbeid med Frelsesarmeen, og i fjor gav dei ut ei juleplate saman med organisasjonen, der inntektene gjekk til Armeens arbeid. Forresten, eg må berre nemne éin song til som er fantastisk. Den heiter "Jul'kortet", og er ein del av albumet "No e d.d.e jul igjen". Her kan ein høyre Frelsesarmeens Nasjonale Hornorkester i bakgrunnen. Ein utruleg vakker julesong som eg anbefaler alle å høyre!