torsdag 5. februar 2009

Krafttak mot kreft

Eg må innrømme at eg i bunn og grunn er ein lite samfunns(politisk)engasjert person. Eg har namnet mitt ståande i KrfU sine register, men utover det har eg lite engasjement i partiet.

Noko eg derimot engasjerer meg i, er Kreftforeningen sitt arbeid. Kvart oppdagast det 24000 nye tilfelle av kreft i Noreg. 1 av 3 nordmenn får kreft i løpet av livet, og nesten alle familiar i landet vert pårørde av sjukdommen. Men ved hjelp av forskning på nye behandlingsmetodar, har talet på overlevande etter ein kreftsjukdom gått opp. Kreftforeningen er Norges største bidragsytar til kreftforskninga, og bevligar rundt 120 millioner kroner årleg til dette formålet.

Kvart år har Kreftforeningen ein aksjon med navnet "Krafttak mot kreft". Gjennom innsamlingsaksjonen i fjor vart det sett søkjelys på utfordringane ungdom med kreft møter. Pengane gjekk blant anna til å betre forholda til ungdom på sjukehus, og til forsking på langtidsfølgjer.
Innsamlingsaksjonen i år tek for seg eldre med kreft. I dag er 6 av 10 kreftpasientar over 65 år, likevel er kreftbehandlinga utvikla for yngre menneske. Pengar som vert samla inn, vil gå til forsking som kan gi oss ny kunnskap om eldre.

Årets aksjon her i Hordaland vil føregå i veke 11. Har du lyst til å vere bøsseberar, besøk denne linken: http://www.krafttakmotkreft.no/bli.php .. Når aksjonen nærmar seg, vil du får nærare informasjon hos dei ansvarlege i ditt lokalområde. (I fjor var det russen ved Øystese Gymnas som hadde ansvaret for desse Hardanger-trakter, lurer på om det kanskje er slik i år også...) Å gå med bøsse tek berre eit par timar av ditt eige liv - men kan bidra til å gi mange år til eitt anna.

1 kommentar:

Synnoove sa...

det er flott at du engasjerer deg for ei god sak, isabell!:)