lørdag 7. februar 2009

Fengselsbesøk

I går var sosiologiklassen på besøk i Bergen Fengsel, her kjem eit kort referat for dei som ikkje var med på turen :)

Vi reiste frå Framnes klokka halv åtte, så det var rart å sjå b-menneska (skal ikkje nemne namn) til frokost kl 07.15 istadenfor sju minutt før skuleklokka ringte. Dei fleste var i godt humør, og med Arne som minibussjåfør til Norheimsund, gjekk det fort i svingane!

I Åsane minna vi meir om turistar på tur då vi skulle finne bussen som gjekk til Nyborg. Då vi kom til fengselet, var dei umiddelbare reaksjonane at det likna på ein barnehage, med den vesentlige forskjellen at området var omgitt av ein sju meter høg fengselsmur. Inne vart vi fratekne mobilar, iPodar, vesker og sekkar, men klea våre skjekka dei ikkje, så eg kunne lett hatt med meg eksplosivar inn og sprengt heile fengselet i lufta :)

Vi fekk omvisning i fengselet, der vi fekk sjå blant anna besøksrom, sikringsceller og vanlege celler (Sistnemnde var forresten mistenkeleg like romma på Fjordheim...) Deretter skulle vi få møte to insatte i fengselskapellet.
Eg trur fleire av oss hadde sett føre seg at vi skulle få treffe nokre småkriminelle, så difor var det mange som fekk seg ein støkk då den yngste av mennene reiste seg, presenterte seg og sa: "Jeg sitter inne for drap." Han andre var dømt for å ha smugla noko hinsides med narkotika. Vi var sat lenge i kapellet og stilte spørsmål (som dei var veldig flinke til å svare på), før vi måtte avslutte.

På veg frå fengselet og bort igjen til busstoppet oppdaga vi noko sørgjeleg: Det var enno 20 minutt til bussen skulle gå derifrå, og vi stod ute i mangefoldige minusgradar. Kva skulle vi gjere då?
Vel; ein fordel med å vere Framneselev er at vi nokså frimodige(...), så for å bli varme sette vi like godt i gang med ringleikar av ulike slag. "Bananas of the world", "Here they come on their ponies" og Ha-leiken var berre noko av det vi fann på medan travle bilar suste forbi både i den eine og den andre retninga. No var det riktig nok ikkje alle som turde å bli med, det var merkeleg nok berre halvparten av oss som var gira på å få igjen litt kroppsvarme. Resten av elevflokken stod anten tett pressa saman inni busskuret (som om det var varmare der?), eller i ei klynge fem meter borte frå oss, som for å signalisere til forbipasserande at dei ikkje hadde noko med oss å gjere.

Dagen vart avslutta med at gutane reiste tilbake til Framnes, medan jentene blei att i by'n for å bruke pengar dei ikkje hadde - og alle var samde om at det hadde vore ein flott og lærerik dag :)




6 kommentarer:

TM sa...

Dette var ein skikkeleg bra dag! Utruleg spanande å vera i fengselet, og eg skjøna at det verste med å sitja inne er definitivt å ikkje ha fridomen lengre. Det er straff nok i seg sjølv. Dei insette har ikkje eit enkelt liv, det trur eg me alle skal vera klar over.
Dei to karane er grådig tøffe, å sitja å svara på ganske "intime" spørsmål kan vera ei påkjenning for kvar og ein av oss...
Bra innlegg, Isabell!

Isabell sa...

Ja, eg veit! Eg vil ikkje påstå at det er for bra i norske fengsel, hadde det vore verre å sitte i fengsel enn det er no, trur eg mange hadde blitt gale. Å bli frateken fridommen er nok det aller verste ja.
Knalltøffe karar, heilt einig der!

Elisabet (: sa...

å, det virkar skikkelig spanande å besøka fengselet! Sikkert veldig lærerikt.

Marit Bye Vassli sa...

Bra oppsummering av fengselsbesøket Isabell! Var en utrolig spennende, intrykksfull og lærerik dag. Skulle gjerne sett og hørt enda mer!

Marita sa...

Lærerik og kjempeinteressant dag, indeed! Eg merka eg fekk litt nytt syn på forskjellige ting etter å ha vert der. Detta sku nesten alle klassar, sosiologi eller ikkje, fått oppleve!

Isabell sa...

Veldig enig :)