torsdag 26. februar 2009

Framnesbasar på Fitjar

I går var det atter ein gong tid for å sende Framneselevar ut på tokt i vårt vide, langstrakte land. Denne gongen gjekk turen til bedehuset på Fitjar, der den årlege Framnesbasaren vart arrangert. Etter lunsj var vi ein fin gjeng på 13 stykker(for å vere meir presis: Arne, Byrknes, Elisabet, Svanhild, Vigdís, Torgeir, Synnøve, Marianne, Debora, Ingar, Ole Magnus, Morten og meg) som samlast nede i hallen for å reise av garde. Grunnen til at vi skulle reise så tidleg, var at basaren/møtet skulle begynne klokka 17.00. Trudde vi. Informasjonen på ”Fitjarposten” var nemleg feil, og det heile skulle ikkje begynne før klokka 19.oo. Uflaks? Neida :) Sidan vi allereie hadde fått fri frå timane, kasta vi oss inn i minibussen, og sette kursen mot Bergen, og Peppes Pizza.


Etter ein fem-seks herlege pizza, og ein liten shoppingrunde(…), suste vi avgarde mot Fitjar. På vegen viste ein entusiastisk Synnøve oss alt mogleg på heimstaden sin. (”Der bur eg, der jobba eg i sommar, her heiter det Årskog, der er hotellet, der er…”) Vel framme vart vi møtte av hyggelige fjes (eldre på bedehuset som ønska oss velkommen) og litt mindre hyggelige fjes (ungdommar på butikken som lurte på kva vi skulle, og himla med auga då vi svara at vi skulle på møte på bedehuset).


Første delen av møtet hadde vi ansvar for. Synnøve leia det heile, Svanhild og Vigdís var forsangarar (med Morten bak pianoet), Arne hadde andakt, og Thomas fortalde om misjonsprosjektet vårt. Deretter var det ein matbit å få (noko som betydde kveldsmat for oss), før det var klart for basar-delen. Folk kjøpte årar som gale! Om det var fordi vi som selde var så kjekke og sjarmerande, veit ikkje eg. Mellom dei to omgangane var gamle framneselevar (det var ganske mange av dei!) oppe og song Framnessongen. Det var utrulig flott å høyre på! Rett etter vi hadde seld årar for andre gong, takka Arne for oss (vi måtte jo nå halv ti-ferja), og vi gjekk ut.


Men… ferja gjekk jo ikkje halv ti, men ti! Litt småflaue labba vi inn igjen og hjelpte til med å dele ut dei siste gevinstane. Det var óg ein siste sjanse til å ta lodd på boka, og den kunne eg jo ikkje la gå fra meg! Og trur du ikkje eg vann ei konfekteske? =) Vann forresten også ein 6-pakning med glas på årar – veldig praktisk, så treng eg ikkje vaske opp så ofte…

Vi nådde fint 22.00-ferja, og der vart det underhaldning på høgt nivå kan du tru! Arne utfordra Thomas til å reise seg oppe i salongen, be om alles oppmerksomhet og fortelje ein vits. Gjorde han dette skulle han få ei cola-flaske. Men sjølvsagt – Byrknes utsette det og utsette det, og tilslutt var det nesten ingen igjen der oppe. Då sa vi at han kunne sei det til eit par forbipasserande jenter. Og det gjorde han. ”Det er bedre å drite seg ut enn å dø av forstoppelse.” Kunne han sagt noko meir passande? Det var kanonløye. Han hausta til og med applaus hos offera.


Bussturen tilbake til Framnes gjekk i soving, synging av lidenskaplege kjærleiksongar og råkøyring i… vel… godt over fartsgrensa. Stemninga var heller laber då Arne skulle tulle med oss, og late som om vi hadde fått motorstopp midt i intet. EG skjønte jo at han berre tulla, så klart.

Vel heime (klokka 00.10) var alle dau-trøytte, men samde om at det hadde vore ein flott og hyggelig tur. Og attpåtil vart det samla inn 24000 kroner til Framnes. Utruleg bra! Tusen takk til alle som vart med!

3 kommentarer:

Elisabet (: sa...

Det var gøøy:D:D

Anonym sa...

Hørtes utrolig kjekt ut;) Skulla nesten vært med, men heldigvis for mæ va jo æ på verdensnavle, Nedstrand, på den tida!

Anonym sa...

http://eekshop.com
The instruction of lots of women about their pregnancy may delay also several month or so and examples of the you'll also find notice their pregnancy after the at the outset month! So the pattern to do with your nutrition you could be the case as a resource box was in the past Make a certain for additional details on abide by a multi functional healthy and balanced diet plans during going to be the first month having to do with pregnancy and these things a number of years for more information on be certain that good health enchanting you and going to be the fetus, during going to be the a number of years relating to pregnancy and infancy, too.